friluftsmuseet

Melheimshuset

Melheimshuset vart bygt vinteren 1939-40 på garden Melheim på Indre Hafslo i Luster kommune. Det er eit såkalla midtpipehus på om lag 60 m2, bygt i halvannan etasje med ark, på ein kjellar i gråsteinsmur.
Med røyr inn til skorsteinspipa i midten vart huset oppvarma av ein vedomn i kvart rom.
Huset er lafta, med liggjande bordkledning utanpå, og det har ein blandingsstil med trekk frå både sveitser- og jugendstilen.

Huset var opphavleg bygt som kårhus, men vart aldri brukt som det. På museet er det innreidd slik vi kan tenkja oss at ein ung lærarfamilie budde i tida rundt 1940.

Friluftsmuseet

Friluftsmuseet

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er eitt av dei eldste og flottaste folkemusea i landet. På museet kan ein oppleva korleis sogningar har levd og budd, frå mellomalderen og fram til vår eiga tid.

Omvisning dagleg og etter avtale...

Naturleikløypa

Trollskog

Naturleikløypa inneheld 14 ulike plakatar og utstillingar med informasjon om korleis du kan bruke naturen til leik. Dette kan vere bruk av tre og planter, gamle spel, fantasi og eventyr.

På vedlegga her kan du sjå nokre eksempel på kva du finn i Naturleikløypa.

RSS - friluftsmuseet abonnieren