Stova frå Haugen

Haugastova

HAUGASTOVA

Den tømra og bordkledde stova er bygd på garden Haugen i Krundalen i Jostedalen tidleg på 1800-talet. Ho har to etasjar, med loft og kjellar. I fyrste høgda er det tre rom: stove, kammers og gang med trapp til andre etasje.

I den store stova kokte husmora mat over peisvarmen, og her benka huslyden seg rundt langbordet til måltid. Her samlast alle om kveldane med handarbeid og reparasjonar, og her står senga, dragsenga og vogga som dei sov i om natta.
Ved døra står kinna og anna utstyr til mjølkeforedlinga, og framfor peisen står rokken. Det rosemåla framskåpet er frå 1831. Her hadde matmora koppar og kar, og i kråskåpet innanfor bordet hadde husbonden verdisakene sine. I bostkastet, skåpet med ein liten, rund opning, la dei lusekammen eller lusekosten.

Den vakre veggklokka er frå 1851. I kammerset er det seng, kråskåp og jarnomn. På salen i andre høgda er det også senger og ein 1800-tals vedomn, og her står veven og kister med klede og utstyr. På lemmen over svala hang helgekleda. På gavlveggen som vende ut mot dalen er det store vindauge. På den andre gavlveggen er det bygt ei sval med lem over.

Eit dyretrekk gjekk forbi Haugen. Der la dei ut åte til rovdyra. I lyse måneskinsnetter skaut dei rev og ulv gjennom jaktgluggen på vestre langveggen. Det blir fortalt at dei ein gong også skaut ein bjørn, og han vart flådd inne på stovegolvet !
Jaktgluggen
På dette bilete ser ein tydeleg jaktgluggen mellom dei to vindauga til høgre

Frå audioguiden om Haugastova: