Trohes

Hesje. I Noreg har vi ofte lange vintrar og mykje snø. For å berge husdyra over vinteren må graset turkast til høy. Det enklaste er og bakketurke, men det er ikkje alltid mogeleg. Vert graset hengt opp i hesje turkar det nesten same kva ver det er. Det er ein arbeidsam men sikker metode for konservering av fòr. Graset må behandlast slik at luft kjem til og det turker. Etter ca. 8 dagar er graset turt og vert då køyrd inn på låven. Trohesjane står ute heile året og dei er laga heilt av tre. Staura er av eine, troene er av furu og dei er bundne saman av bjørkerenningar. Desse hesjane sto ute heile året og dei kravde mykje vedlikehald. Då ståltråden blei vanleg og billig først på 1900 talet blei det vanleg og erstatta troene med ståltråd. Då blei gjerne hesjane satt opp etter at graset var slått og dei blei tatt ned at etter at høyet var i hus. Slåtten blei enklare på den måten då ein slapp å slå med stuttorv innimellom staurane. Trådhesjer vert og brukt her på museet..