Lauvrauk og kjerv

Lagring av kjerv Det beste var å lagra det under tak slik som i ei løe eller i ein heller. Men slike muligheiter var det ikkje alltid. Då måtte det settast opp eit rauk slik som ein ser på bilete. Rauket står på eit fundament av stein og bjørkestrangler. Den lauvrike og mest verdifulle enden av kjervet er lagt inn mot midten av rauket. Kjerva vart lagde lagvis og det var viktig å legge dei slik at vatnet ikkje trengte inn til lauvet inne i rauket. Når rauket var nesten ferdig måtte det bindast saman. Til det brukte man nokre lange tynne bjørkestrangler. Raukspøtene- dei er noko lengre enn rauket er høgt - stakk man ned i rauket. Raukspøtene vart bunden saman på toppen av rauket. Til slutt vart toppen av rauket dekt av einekvister eller torv. I rauket her er det gått med 194 kjerv. Det vart rekna som eit lite rauk. Lauvet vart henta heim i løpet av hausten og vinteren.