Då nynorsken kom til Sogn

Då nynorsken kom til Sogn

- glimt frå Jostedalen og Lærdal

Ein artikkel frå "Årbok for Sogn 2006" av Jan Olav Fretland og Oddmund L. Hoel

Natt til 5. februar 1906 vart Norigs maallag skipa på ei stor målmannsstemne i Oslo. Dette hende midt i den mest intensive overgangen frå dansknorsk til landsmål (nynorsk) i sognabygdene. I åri 1905–10 vart nynorsk opplæringsmål og Blix-salmane røysta inn i kring halvparten av skulekrinsane og kyrkjelydane i Sogn og Fjordane. I denne vesle teksten skal me visa eit lite utsnitt or målsoga i dei to bygdene Jostedalen og Lærdal. Dei er to ytterpunkt i historia om innføringi av nynorsk i Sogn. I Lærdal rasa målstriden i ei årrekkje og romma nokre av dei mest vidgjetne målslagi både i fylket vårt og jamvel i heile landet, ikkje minst i 1899 då sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson kom i klammeri med lærdølene. I hin enden finn me Jostedalen, der språkskiftet skjedde raskt og med lite strid, og som i år har sitt eige vesle mållagsjubileum:

10. november 1906 vart Jostedalens maallag skipa, som eit av dei fyrste i Sogn. Korkje Noregs Mållag eller dei lokale mållagi spela ei viktig rolle i språkskiftet i Sogn og Fjordane. Det skal visstnok ha funnest mållag i Vik og Sogndal i 1885, men det fyrste meir permanente laget me høyrer om, er Vik maallag (1902), som i fyrste omgang heldt det gåande til 1909. Før 1906 fanst truleg berre mållag i Kyrkjebø (1905), Lærdal, Sogndal og Norum. Men ’målrørsla’ var meir enn mållagi, og langt viktigare var dei oppunder 40 frilynde ungdomslagi som vart skipa i Sogn før 1906. Dei fleste arbeidde òg for målsaki.

Det regionale sentrumet for målarbeidet var Sogndal. Ei viktig forklaring på det tidlege fotfestet for målsaki i sognabygdene, er folkehøgskulen i Sogndal. Han vart skipa i 1871, og særleg med teologen Henrik Mohn Dahl (lærar frå 1874, styrar 1878–96) kom målsak til å stå sentralt. Skulen vart såleis ein av dei fyrste – kanskje den aller fyrste – som gav noki opplæring i nynorsk. Før hundreårsskiftet gjekk over 2500 ungdommar på skulen. Mange av målfolki som i neste omgang var med på å føra inn nynorsken i sognabygdene, fekk her sitt fyrste møte med nynorsken og målsaki.

Sogndal var òg sentrumet for den frilynde ungdomsrørsla i Sogn då ho vart organisert i 1890-åri. Sogns ungdomslag vart skipa i 1896, same året som Norigs ungdomslag, og folkehøgskulelærarane Vilhelm Flugeim, Olav Hauge og Jens Kvåle var formenn storparten av dei fyrste 20 åra. Kvåle gav òg ut ungdomsbladet Ungdom frå 1896, som han i 1901 utvida til lokalavisa Sygna. I 1903 kjøpte han så venstreavisa Sogns Tidende i Lærdal, slo ho saman med Sygna og la ho om til nynorsk. Sogns Tidende var den marknadsleiande lokalavisa i Sogn og var svært viktig for å venja sogningane til nynorsken og gje han status.

Folkeskulelærarane var kjernen i målrørsla som i alt anna organisasjonsliv i bygdene. Utstyrt med betre utdanning, høgare løn og ein sterkare yrkesidentitet enn før, utgjorde lærarane ein ny elite i mange bygder mot slutten av 1800-talet. Dei mange små kvite skulebygningane rundt i bygdene står framleis som symbol på den nye autoriteten til læraren. Dei gav presten alvorleg tevling som bygdehovding og danka han òg ut i mange tilfelle. Dei aller fleste lærarane kom frå gard og dreiv gard sjølve attåt lærargjerningi. Slik var dei ein av «oss» i bygdi i motsetnad til presten, som gjerne kom frå ei urban embetsmannsslekt.
Og læraren og presten vart gjerne ståande i fremste rekkje på kvar si side i den store kulturstriden som målstriden var ein del av. Mange lærarar i sognabygdene hadde utdanningi si frå seminaret på Stord, som tidleg vart eit sentrum for målreisingsarbeidet på Vestlandet. Alt i 1877 skipa elevane mållaget Maalvinarlaget. Her fekk mange hundre komande lærarar opp gjennom åri øving i å skriva landsmål, dei las nynorske bøker og blad og drøfta målsaki før dei drog ut i bygdene som lærarar og nynorske misjonærar.
Nokon fast lærarorganisasjon i Sogn fanst ikkje før 1896, då Sogns lærarlag vart skipa – med namn og lover i nynorsk språkdrakt og målsak høgt oppe på programmet frå fyrste stund. Men langt tidlegare var lærarmøti viktige for å spreia målsaki. Stiftslærarmøti i Bergen 1865 og 1868 tok klårt stilling for målsaki, og frå 1869 kom lærarane i Sogn saman til møte, stundom òg med lærarar frå heile fylket. Leikanger-læraren Olav Sande (1850–1927) med eksamen frå Stord 1871, vart ein av dei viktigaste målmennene i Sogn i den fyrste fasen. Han innleidde om målsaki på lærarmøte både i Sogndal 1872 og på Skjolden 1878 (eller 1880), og det siste vart visstnok «reint avgjerande for stoda til målsaki millom lærarane i Sogn,» har Olaus Dahle sagt (her etter Lothe).

Jostedalen: eit raskt og smertefritt språkskifte

1901: Målspørsmålet kjem opp

Jostedalen er ein god illustrasjon på korleis språkskiftet gjekk føre seg i ei bygd når ingen la store kjeppar i hjuli. I motsetnad til regionale sentrum som Lærdal og Sogndal, var Jostedalen ein avkrok, og her har me ingen spor etter engasjement for målsaki før eit innlegg i den nynorske riksavisa Den 17de Mai i mars 1901. Det hadde vore «smaatt med maalhugen hjaa storhopen her fyrr», fortel innsendaren. Men også ein del jostedalsungdommar hadde nok gått folkehøgskulen i Sogndal, og jostedølene las både aviser og bøker som andre. Olav Sande fortel iallfall at han hadde med seg målbøker og selde då han samla stoff til Segner fraa Sogn II i Jostedalen sommaren 1887. Sist i 1890-åri kom det òg lærarar til bygdi som var oppglødde målfolk. I mars 1901 får me så høyra at skulestyret hadde vedteke å ta i bruk bibelsoge og abc på nynorsk i folkeskulen. Det var tidleg både i Sogn og i landssamanheng. Somme skular i landet hadde så smått byrja å bruka nokre nynorske lærebøker i folkeskulen alt i 1880-åri, og skulestyri i Bygland (Setesdalen) og Modalen (Hordaland) vedtok å gå over til opplæring på nynorsk i 1890. Det var to år før ’målparagrafen’ i folkeskulelova opna for at skulestyri kunne gjera vedtak om lærebøker og skriftleg opplæring på nynorsk. Det var likevel fyrst frå 1898–99 språkskiftet tok til å få noko omfang. Den fyrste skulekrinsen i Luster der nynorsken fekk fotfeste, var Flahamar i Luster. Der fekk dei løyve frå skulestyret til ein time lesing og ein time skriving på nynorsk i veka i 1893.
Vinteren 1904 kom lærebokspørsmålet opp att i skulestyret, og no får me illustrert kor viktig dei økonomiske sidene av målvalet var – å kjøpa nye lærebøker var ein stor kostnad både for foreldri og fattige herad. Etter at eit framlegg om å bruka nynorskutgåva av Rolfsen hadde falle, vedtok skulestyret å ta i bruk Austlids nynorske lesebok. Men dei krinsane og klassane som framleis hadde mange nok brukande eksemplar av Pauss og Lassens lesebok, skulle framleis nytta desse og trong ikkje kjøpa nye. Slik tok ein òg omsyn til den svært sprikjande haldninga som hadde vist seg på krinsmøti.
Ikkje alle var like glade for vedtaket. Bonden Lars R. Faaberg nekta dotter si å bruka den nye leseboki, og situasjonen vart ekstra pikant då han like etter vart ordførar. Lærar Laurits Kronen klaga til skulestyret, som samrøystes vedtok at ordføraren straks måtte skaffa leseboki– om ikkje vanka det straff etter § 17 i skulelova. Då bøygde òg ordføraren av, og dei neste åri vart nynorskutgåvene innførde. I 1916 fall siste riksmålsskansen. Etter at skuledirektøren hadde peika på det uheldige i at kristendomsbøkene var dei einaste på riksmål i skulen, vart det vedteke å ta i bruk nynorskutgåvene også her.

Skriftleg opplæring på nynorsk

Kva så med det skriftlege opplæringsmålet? Her teier skulestyreprotokollen. I eit fylkesoversyn frå 1907 slo Vestlandske målkontor fast: «Inkje noko vedtak. 4 Krinsar hava den skriftlege Upplæring paa norsk, 1 paa Riksmaal. Alle krinsar hava ABC og Bibelsoga paa norsk. Ingen Lærar talar dansk i Skulen.» Me veit ikkje kva for ein krins som framleis brukte bokmål, men allment var det gjerne kyrkje- eller sentrumskrinsane som sist gjekk over til nynorsk. I den fyrste offisielle statistikken frå 1910 heiter det så at alle fem krinsane brukte nynorsk. Når dei fire fyrste krinsane gjekk over, veit me ikkje, men det er vel rimeleg at lærarane iallfall byrja med noko nynorskopplæring etter at dei fekk dei fyrste nynorske lærebøkene i 1901. Jostedalen er altså døme på ei bygd der det aldri vart gjort formelt vedtak om å gå over frå bokmål til nynorsk. Mange stader der lærarane byrja med nynorsk utan slike vedtak i ryggen, vart det bråk, som i Hafslo 1910–11. Men i Jostedalen var det ingen som fann grunn til å protestera.

1906: Jostedalens maallag

I 1892 fekk ikkje berre skulestyri høve til å føra inn nynorsk i folkeskulen – kyrkjelydane fekk òg høve til å ta i bruk nynorsksalmane til Elias Blix i kyrkja. Dermed var mykje av målstriden i røynda delegert til lokalsamfunnet. I Sogn og Fjordane vart Blix-salmane røysta inn i den fyrste kyrkjesokni i 1899, og fem til kom etter 1902–03. I juli 1903 var spørsmålet oppe i Jostedalen. Det vart dundrande tap for målfolki – 56 mot 12. Men på denne tidi var nynorsken på veg inn i skulen, og ein anonym innsendar i Sogns Tidende fortel ved årsskiftet 1905–06 om eit språkleg stemningsskifte. Me får høyra at «ein ny nasjonal straum hev fare gjenom dalen beint imot snoen fraa Jostedalsbreden.» Utan at det blir nemnt, var nok den breie nasjonale mobiliseringi i samband med unionsoppløysingi i 1905 ein viktig grunn til at langt fleire vart engasjerte i nasjonale spørsmål. Innsendaren meiner det hadde vore «noko altfor nytt dette med Blix-salmarne; folk kjende dei ikkje den gong» (i 1903).
Men no såg det lysare ut: «Foreldri hev so litt etter kvart fenge opne augo for sitt eige maal, og for den herlege aandsarv dei hermed hev vore med og gjeve ungdomen. Dei skynar det no alle, at landsmaalet er det likaste for borni, naar det gjeld aa arbeida seg fram til upplysning og kunnskap. ...No er ogso tidi komi, daa ein utan otte kann ganga til arbeidet med Blix-salmarne. Gjenom skulen og borni hev no bygdefolket lært aa elska desse fagre salmar, so det er aa vona at foreldre vil kappast um aa røysta for dei til kyrkjebruk.» Ein av grunnane til at Jostedalens maallag vart skipa 10. november 1906, var nok nettopp arbeidet med å få inn Blix-salmane.

På det tredje møtet (7.4. 1907) drøfta dei «korleis ein best skulde arbeida for aa faa Bliks-salmarne vedtekne til kyrkjebruk.» Her skulle det ikkje eggjast til meir strid enn naudsynt: «Det var semja um aa fara vârt og helst arbeida paa aa faa dei, ein visste røysta for salmarne, til aa møta fram til avrøystingi.» Den 12. mai kom så røystingi i kyrkja, og Blix-salmane vann med dundrande fleirtal (51 mot 3).
Den varsame lina kom òg til uttrykk året etter. I april 1908 drøfta dei om «maallaget no skulde gjera fortgang med aa faa heilnorsk skule i Jostedalen. Mange tala for og mange imot, og saki vart utsett», og meir finn me ikkje om den saki i mållagsprotokollen. Men det ser heller ikkje ut til at mållaget trong gjera noko med saki. «Heilnorsk» skule vart det likevel, og etter eit par møte i 1910 slokna mållaget og vakna ikkje att før i 1927. Det neste tiåret hadde så mållaget glansperioden sin. Medverkande til skipingi av mållaget kan det òg ha vore at Sogn ungdomslag skulle halda ei ungdoms- og målstemne i Sogndal på nyåret 1907. Her var den nyvalde formannen i Jostedal mållag, Magnus Takle, ein av talarane. Slik vart skipingi av mållaget òg raskt Jostedalen sin veg inn i den regionale målrørsla.

Dei fyrste målfolki i Jostedalen

Kven var så desse folki som gjekk i spissen for å føra inn nynorsken i Jostedalen? Det var sjølvsagt lærarane. Dei var fire i Jostedalen, og den fremste mellom likemenn var Anders Hjellum (1870–1950) frå Aurland, som tok lærareksamen ved Stord seminar 1891 og kom til Jostedalen 1897, der han òg var kyrkjesongar. Hjellum var lærarrepresentant i skulestyret mykje av tidi han budde i Jostedalen (til 1919) og var sentral i alle nynorskframstøytar der. Han var styremedlem i Jostedal mållag frå skipingi og leiar i fråhaldslaget i 20 år. Den leiande posisjonen i bygdesamfunnet blir understreka både av at han var den fyrste som budde på bruket i Øvregarden som heradet hadde skaffa til klokkargard, og av at han var styreformann i Jostedal sparebank 1901–04.
Mest interessante er likevel to brør frå Brekke. Mons H. Takle (f. 1877) hadde lærareksamen frå Stord 1898 og var lærar i Jostedalen 1899–1901. Det var truleg han som skreiv innlegget i Den 17de Mai i 1901. Han hadde hatt tillitsverv («bokutlånar») i elevmållaget då han gjekk på Stord og vart seinare ferdatalar i Vestlandske mållag i to år. Han enda opp som lærar i Brekke der han var ordførar det meste av tidi 1920–34. Magnus H. Takle (f. 1883) gjekk i storebroren sine fotspor. Han hadde lærareksamen frå Stord 1904 og var lærar i Jostedalen 1904–07. Både Mons og Magnus vart truleg dregne inn i eit tidleg målmiljø i Brekke før dei drog til Stord. Det skal ha vorte skipa eit samtalelag der alt i 1888, der ungdom gjekk saman om å skaffa seg nynorske bøker og blad. Magnus var formann i elevmållaget på Stord 1903–04. Broren kan nok ha vore ein grunn til at han drog til Jostedalen, men han hadde éin til: det var truleg på lærarskulen han trefte Metta S. Urdahl (f. 1883) frå Luster. Magnus var formann i Jostedal mållag frå skipingi hausten 1906 til han og Metta flytte til Årdal i 1907. Der vart han verande til 1915, og det var nettopp i kring 1907 Årdal mållag vart skipa. Her òg var Magnus Takle formann, og det er ikkje urimeleg om han tok initiativet til laget. Frå Årdal blir det meldt at «Aldri har ungdomen i Vikadalen kjent seg fattigare enn då dei reiste.» Frå 1915 budde dei i Rogaland, der Magnus både var sentral i skipingi av Rogaland mållag (1920) og landsgymnaset på Bryne.
Laurits Kronen (1880–1957) var derimot innfødd jostedøl. Attåt å vera storbonde i lokal målestokk var far hans, Tøger Kronen, òg breførar og dreiv turiststasjon og landhandel heime på Kruna. Laurits gjekk lærarskulen på Elverum der målsaki òg stod sterkt, og kom til Jostedalen som lærar rett frå lærarskulen i 1903. Kronen var den tredje styremedlemen i Jostedal mållag frå skipingi – alle i det fyrste styret var altså lærarar. Han var lærar i Oppdal (Sør-Trøndelag) 1908–11 før han kom attende og tok over heimgarden Kruna og var lærar i Jostedalen til 1919.
Då drog han igjen til Trøndelag, denne gongen Rennebu (grannebygda til Oppdal) og var lærar der i to år før han slo seg ned i Modum. Det blir fortalt at Kronen ein gong fekk juling i Trøndelag av to menn utkledde som kjerringar på grunn av målsaki, og han var truleg sentral i ein frisk målstrid som rasa i Oppdal i 1910. Her har me altså eit døme på ein av dei vidgjetne (og illgjetne!) ’vestlandslærarane’ som agiterte for nynorsken i andre landsdelar.
Også den fjerde læraren i 1906, den noko eldre Anders Øvregaard (1854–1924), finn me att som «krinsansvarleg» i Jostedal mållag i 1907. I 1907 kom ein ny lokal lærar til dalen, Lars R. Nedrelid (1883–1952) – også han vart straks med i mållaget. Alle faste styremedlemer i Jostedal mållag frå skipingi var altså lærarar. Men dei tre varamennene hadde òg noko sams, nemleg tilknytingi til det økonomiske livet i dalen.
Den yngste, Hermund Bruheim (1888–1962) var son av kasseraren i Jostedal sparebank, Nils H. Bruheim, og Hermund tok over både garden og kasserarvervet etter faren. Han vart òg både heradskasserar og likningssjef og var ordførar det meste av tidi 1923–37. Det var med han nynorsk fekk det endelege gjennombrotet i bygdestyringi i Jostedalen. Tøger R. Faaberg (1874–1939) var landhandlar og veslebror til bonden Lars R. Faaberg som var ordførar 1905–07 og 1911–22. (Det var han som nekta å kjøpa nynorsk lesebok til dotter si!) Far deira, Rasmus, hadde òg vore ordførar (1870–74). Den noko eldre Melchior Yttri (1860–1939) var sersjant, pakta Prestegarden og tok over landhandelen til Tøger R. Faaberg då han flytte til Austlandet i 1909. Han var ordførar for forstandarskapet i sparebanken 1898–1903 og 1908–26. Etter ein tur til Lærdal skal me gjera oss nokre refleksjonar om den sosiale plasseringi deira.

Lærdal: krig på kniven

Den kjende målmannen og skuledirektøren Olav Vevle fortel at «kvassaste målstriden i heile amtet stod i Tynjum i Lærdal» (etter Anders Lothe.) Sidan ein av artikkelforfattarane (Fretland) sjølv gjekk sine sju folkeskuleår i denne krinsen og i det omtalte skulehuset, er det naturleg å ta fram eit par minne frå målskiftetidi i Lærdal. Mor til Fretland, som gjekk på folkeskulen frå ca. 1920, skildra ofte kor viktig det var for skuleungane å markera målet. Mellom anna song dei så det ljoma på «Målet hennar mor» når dei passerte tunet til den bonden som framleis heldt på riksmålet. Nokon språkfred var ikkje å tenkja på før landsmålet rådde grunnen åleine!

Bjørnson i Sogne-senteret

Det var ikkje tilfeldig at målstriden vart hard i Lærdal og at riksmålsflokken stod sterkare enn i bygdene omkring. Lærdal var ein slags hovudstad i Sogn på 1800-talet og fyrst på 1900-talet. Strandstaden var eit sentrum for turisme og samferdsle, her kom Sogns Tidende ut (fram til 1903), her var landets fyrste landapotek, telegrafstasjon, sete for amtstinget osv. I Lærdal var det òg eit system med storbønder, om ein samanlikna med tilhøvi elles i Sogn. På mange måtar var det rett og slett eit sterkare innslag av dei rådande, av øvrigheiti i Lærdal. Ut frå dette kan ein forklara at medan dei fleste skulekrinsar i Sogn alt rundt 1910 hadde bytt mål, kom det eit skikkeleg tilbakeslag i Lærdal. Målvalet i Lærdal var viktig og vart prioritert, også på nasjonalt riksmålshald. Og lærdølene vart landskjende etter at dei tok mot Bjørnstjerne Bjørnson i 1899. I oktober heldt Bjørnson ein vidgjeten måltale i Kristiania, der han mana til kamp for «kultursproget» imot landsmålet, ei hending riksmålsrørsla seinare har rekna som startpunktet for det organiserte arbeidet sitt. Bjørnson drog på riksmålsferd og kom mellom anna til Sogn for å hindra at målet kom inn i skulen. Men han møtte slik motbør i Lærdal at han gav opp heile ferdi og tok dampbåten til Bergen. I eit syngjespel frå 1996 er møtet mellom Bjørnson og ungdomslaget på Øyri framstilt slik, med utgangspunkt i det Anders Lothe fortel:
«Bjørnson: «Jeg er dikter, jeg kjenner sproget og kan bruke det i alle dets avskygninger. Jeg har vært i de fleste europeiske lande og er blitt hyllet som en stor dikter og et nasjonalt samlingsmerke. Men jeg vet at det norske folk aldri kan greie seg uten sitt sproglige og kulturelle samkvem med Danmark. Vi er avhengige av det danske sprog for at kunde være en kulturnasjon. For hva har vi selv? Hva er vor kultur? Bondekulturen har sine gode sider, men i denne sammenheng vil jeg sammenligne den med en skidden og udsultet hest som jeg en gang så i gaderne i Kristiania. Tenk jer så en stashingst, med en konges kusk på vognen bak, så ser I forskjellen på bygdekultur og den dansk-norske felleskultur».
Olaus Dahle (lærar): «Eg vil få takka Bjørnson so hjartelegt for den store diktingi han hev skapt fyr oss alle. Gjennom han hev norsk litteratur vorte kjend langt utyver landegrensene. Mange storverk hev Bjørnson gjort som hev vori til fagnad fyr landet (Bjørnson nikkar voldsomt). Dess verre er det no at ein sovoren mann gjev seg til å tyna landsmålet vårt, som er Norigs eige hjartemål!» Bjørnson sprett opp, ropar: «Det er jeg som har ordet på mine foredrag. Jeg har ikke noget i mod at bøndene taler sitt sprog, men jeg har imod at det kommer ind i skolen! Og her vil man, en hob bondeknøler komme og lære m e g noget om sprog og kultur, HA, jeg ler!!» (Frå manuset til «Velkommen atter hit». Eit syngjespel i samband med 100-årsminnet for Aasens død.)

«Er målet så fastgrodd i det norske folk, så nytter det ikke!» skal Bjørnson ha sagt til sonen Erling, då dei kom til sans og samling og Bergen att.

Det gjekk gjetord rundt i landet om korleis lærdølene hadde tukta Bjørnson. Då ungdomslaget på Øyri skreiv ei helsing til Garborg, kom denne fine takki attende:
«Hvalstad stasjon, julaftan 1899. Til ungdomslaget på Øyri. Takk for venleg helsing. Eg hev alltid visst at når sogningane kom, so kom dei godt, og de hev alt vist at de kan stå for ein støyt, gutane der borte. Mange vil læra av det å stå roleg og stødt. Og so med jamt arbeid og godt tålmod kjem nok vår dag! Med vyrdsam helsing – Arne Garborg.»

Den store striden i Tynjum krins

I 1908 hadde skulestyret vedteke at det skulle vera landsmål i alle krinsane i Lærdal, men ikkje dei to øvste i Borgund. Det var strid om dette, særleg fordi både soknepresten og dokteren var ivrige riksmålsfolk. Ved heradstyrevalet i 1910 var målsaki einaste programposten, og det vart 8 mot 8 i skulestyret. Så starta levenet på Tynjo, fortel Lothe: «Millom jol og nyttår var skulestyreformannen, Per Øvrevoll, so uheppen at han braut foten, og han vart tilsett av doktaren å liggja i minst seks vikor – til ut i februar. Doktaren var føraren for riksmålsfolket. Han kravde at det vart halde skulestyremøte til val av skulestyreformann. Varamannen til Per var riksmålsmann, so då vilde riksmålsfolket vinna. Men skulestyreformannen nekta å kalla skulestyret saman til møte fyrr doktaren gav honom lov til å stå uppatt. Og møteboki kunde dei ikkje få fat i, for henne hadde han nedlæst. Men doktaren våga ikkje å la honom stå opp att fyrr ut i februar. So lenge vilde ikkje riksmålsfolket venta, og so fekk dei ordføraren på Borgund til å kalla skulestyret saman til møte. Berre dei 8 riksmålsmennene og varamannen til formannen møtte. So gjekk dei åt formannen og vilde få møteboki åt skulestyret. Men ho låg forsvarleg nedlæst i eit skrin, og formannen nekta å la dei få lykelen til skrinet. Men doktaren var ikkje rådlaus. Han kjøpte ei bok hjå handelsmannen til møtebok åt skulestyret, og so heldt dei 9 mann møte og valde samrøystes doktaren til skulestyreformann.»

Målfolket protesterte til skuledirektøren og fekk medhald hjå han. Rett møtebok skulle brukast, og formann eller nestformann skulle kalla inn. Men då vart det verkeleg oppstyr i hovudstaden! Morgenbladet og Tidens Tegn og stortingsmennene Hagerup Bull frå Høgre og Alfred Eriksen frå Arbeidarpartiet tordna mot «målfanatikeren», skuledirektøren i Bjørgvin, som ville læra dokteren og soknepresten lova. Dette var fælt til overtramp mot riksmålsfolki, meinte dei. Dokteren og presten fekk sett foreldri i krinsen opp mot både landsmålet og læraren, og fleirtalet av ungane vart med i ein privat skule, med riksmål. Til skulestove fekk dei leiga ei vanleg bondestove. Det finst og levande skildringar frå læraren i den offentlege skulen, Knut Gjesme, om korleis riksmålsfolket ein mørk kveld bar møblar frå Tynja-skulen til den nye private.
Saki stod i stampe, dokteren tok all post, Per Øvrevoll heldt på lykelen, heilt til i april. Då kalla skuledirektøren saman til skulestyremøte. Alle 16 møtte, og skuledirektøren. Dei 8 for riksmål ville at valet på dokteren skulle gjelda, og godtok ikkje lutkasting. Dette avviste skuledirektøren, og so gjekk dei 8 sin veg. Det vart sendt ut sykkelryttarar for å henta varamenn, og etter eit par timar kom dei. Då kom riksmålsmennene og ville vera med att, dei òg. Skulestyret gjekk med på det. Det vart full sal og andelaus spenning. Lærar Gjesme skulle trekkja. Det var ikkje fritt for at han skalv på handi. Dokter Andersen vann, floken var løyst for denne gongen. Men då dokteren kom med framlegg om at borni skulle ha opplæring i å snakka riksmål òg, røysta fleirtalet av riksmålsfolki mot. Det fekk vera måte på!
Men saki hadde nok gjort folk i Tynja-krinsen skeptiske til meir målstrid, for landsmålet kom ikkje inn att i skulekrinsen før i 1924. Det er elles verd å merka seg at skulekrinsane som låg nærast Austlandet, kom sist i målbytet. Hegg krins i Borgund var av dei aller siste i fylket som tok nynorsk, i 1947.

Menn mot riksmålet

Den som tok til motmæle mot Bjørnson ved dette høvet, Olaus Dahle (1847–1940), var leiaren i ungdomslaget. Han var ein kjend lærar, kyrkjesongar og målmann, opphavleg Romsdøl. Dahle og kona, Brita, fødd Mundal, stod sentralt i norskdomsarbeidet i Sogn. Tidlegare stortingsmann Hjermann skriv slik om Dahle: «…Han tok seg av ungdomen i songøving og ungdomslag. I målvegen var han den fyrste som gav tevlingsrom for det nynorske målet.» I 1908 slutta Dahle som lærar, og dei to flytte til Fjærland og dreiv Mundal hotell i 30 år. Den som måtte ta verste støyten i den store «Tynjastriden», var lærer Knut Gjesme (opphavleg frå Aurland, far til kunstmålaren Hans Gjesme).

Knut Gjesme og Per Øvrevoll
Gjesme var lærar i Tynjum krins i nesten 40 år og opplevde altså å måtta leva med ein privat riksmålsskule i krinsen sin. Me lèt Hjermann få ordet her òg: «Gjesme var ein fredens mann, …I fleire år sat han med nokre få ungar i skulestova. Privatskulen (på riksmål) hadde dei fleste. Vondordi small om øyro. …No sit Gjesme som den profeten han er og alltid har vore halden for i si bygdi...»

Per Øvrevoll var altså den stødige Tynja-bonden som braut foten og nekta å gje frå seg lykelen som gav tilgjenge til møteboki for skulestyret. Hjermann gjev lovord til Øvrevoll, også her i si tids høgstemte prosa: «Han var den rette hardhausen av ein lærdøl når det galdt å setja hardt mot hardt i målstriden. Ein mann av fåe ord, men ein stolpe som aldri sviktar, og ikkje reddast nokon ting.»

Humoren i målstriden

Vevle fortel at det var ikkje berre lett i privatskulen på Tynjo, heller: Ei jente las om at Beate fall i brunnen med dokka si. «Hvorfor falt Beate i brunnen?» spurde læraren. «Dei var so haole dei stokkadn ho gjekk pao,» svara jenta kjapt. «Nei,» sa læraren stramt, «de var så glatte».
Målfolket brukte elles flittig humor når dei tala for landsmålet. Anders Hovden sparde sjølvsagt ikkje på krutet: Han hevda at riksmålsfolket elska målet som slaktaren elskar lammet. Men særleg gjekk spiten ut over lærarane som streva med å læra ungane å snakka riksmål.
Ein klassikar frå Jæren går om ho jenta som vart synt eit bilete av ein sporv og skulle seia kva ho såg. «De æ ein foggel,» sa jenta. «Nei,» sa læraren, «det heter en ful». «De va løgje,» sa jenta, «eg totte så grant de va ein foggel!»
Og så har me denne vandresoga frå Tigerstaden om snikkaren som sat og las «Den 17. Mai» på trikken i Oslo. Ein riksmålsmann sat attmed han og greidde ikkje å dy seg: «Si meg, min gode mann, hvor langt tror De det er frå en målmann til en idiot?» Snikkaren tok roleg opp tommestokken sin, og mælte avstanden bort til sidemannen. «Jau, det er rundt 40 centi,» kom det turt.

Sluttord

Den store riksmålsaksjonen Bjørnson sette i gang i 1899 og som førde han til Lærdal, sette vel så mykje fart i målfolket som i riksmålsfolket. Det same gjentok seg med den neste store riksmålsaksjonen i åri etter 1908–09. På landsplan var dette den siste krampaktige freistnaden til riksmålsfolket på å få gjort om stortingsvedtaki som hadde gjeve nynorsken plass i skule og offentleg forvaltning dei siste 25 åri.
I dei områdi der målreisingi hadde kome lengst, som i Sogn, innsåg dessutan riksmålsrørsla at greidde ein ikkje å slå tilbake nynorsken no, var slaget tapt. Difor vart målstriden i Lærdal kring 1910 så hard og beisk, og det same såg ein på stader som Vik, Sogndal og Hafslo. Men dermed var det òg gjort. I 1910 fekk seks av ti folkeskuleelevar i Sogn og Fjordane opplæringi si på nynorsk, i 1920 heile ni av ti.

Glimti våre frå Lærdal og Jostedalen har stadfest den velkjende leiande rolla til lærarane i målreisingsarbeidet, og Lærdal er eit godt døme på at dei fremste motstandarane fanst i den lokale overklassen. Når striden vart hardare på stader som Lærdal, Sogndal og Vik enn i utkantbygder som Jostedalen og Luster, har det mykje med at ein hadde større og sterkare overklassemiljø der. Her kan likevel eit par nyansar vera på sin plass. Frå kring hundreårsskiftet har me mange vitnemål om embetsfolk, særleg prestar, som ikkje stilte seg like avvisande til målsaki som han i Lærdal. Frå Jostedalen blir det meldt ved årsskiftet 1905–06 at nynorsken «hev havt god studnad av presten og lærarane».

Presten, Ragnvald Cornelius Knudsen, var skulestyrarson frå Arendal, men hadde ei viss lokal tilknyting: Kona hans var dotter av ein tidlegare prest i bygdi og hadde budd der dei fyrste seks åri av livet. Frå Luster har me likevel eit godt døme på at det ikkje berre var unge prestar med lokale band som stilte seg positive til målsaka. Adolph C. F. Daae (f. 1820) var av tjukkaste embetsmannsslekt og hadde vore prest i Luster sidan 1875 og prost for Indre Sogn frå 1876.
Då Flahamar-krinsen ville innføra nynorsk i 1893, vart det stor strid. Skulestyret var kløyvt på midten, og formann Daae gjorde utslaget. «Skal jeg sitte eller skal jeg stå? Eg tror jeg står med Lavoll», har Sigurd Fjøsne fortalt (Lothe).

Den fyrste skulekrinsen i fylket med nynorskopplæring hadde såleis prosten si velsigning. Ein annan viktig nyanse gjeld den lokale næringsborgarskapen. I Jostedalen fann me nokre av dei fremste målfolki i det vesle miljøet av handels- og bankfolk.
Olaus Dahle drog frå Lærdal til Mundal og vart hotelldirektør. Og sidan Luster alt er nemnd fleire gonger: Ein av dei leiande målmennene der etter hundreårsskiftet var sjølvaste saftkongen, Halvard Drægni. Attåt lærarane ser me altså ei anna sentral gruppe i målreisingi i Sogn: dei tiltakssame næringslivsfolki – dei som gjerne kom frå gard og bygde opp verksemdene sine sjølve, og som politisk gjerne sokna til Venstre. Drægni var attpåtil arbeidardemokrat.

Slik vart den kulturelle og økonomiske moderniseringi av sognabygdene to sider av same sak, der dynamikken vart skapt av ein allianse mellom lærarar og ’gründerar’. Går me attende til det som var utgangspunktet for denne artikkelen, målmannsstemnet 4.–5. februar 1906 der Noregs Mållag vart skipa, får me illustrert poenget. Dei to utsendingane frå Sogn var lærar og stortingsmann Anfinn Refsdal frå Vik mållag og handelsmann Jens Mo frå Lærdal mållag. Den tredje utsendingen frå fylket var læraren Matias Glomnes frå Oppstryn mållag. Berre tre av over 130 utsendingar var ikkje mykje å skryta av for Sogn og Fjordane, men så må då den korte innkallingsfristen og dei vanskelege samferdsletilhøvi ta skuldi for den sterke austlandsdominansen på stemna. Deler me derimot utsendingane inn etter kvar dei var fødde, blir Sogn og Fjordane det største fylket på møtet med minst 18 utsendingar. Og av dei var heile elleve frå Sogn. Talet er i seg sjølv eit uttrykk for at Sogn var tidleg ute i målreisingi.

Innleggi til sogningane som tok ordet, vitna sameleis om at den sterke stillingi på heimebane gjorde at ein hadde stor sjølvtillit på vegner av målet og sterk tru på saki. Ordi til Nils Tryti frå Vik (f. 1869), lærar i Svelvik i Vestfold i 1906, skal få avrunda det heile:
«Nils Tryti meinte, at målmennerne til alle tider hadde vore for bljuge i kravi sine. Den gongen det vart sett fram krav um ein målprest, skolv heile målflokken. Men det gjekk igjenom. Ulukka var, at me altid havde kravt for-lite.»

Litteratur:

Espeland, Arne. (1934). Norske skulefolk. Stavanger: Dreyer. Grepstad, Ottar. (2005). Nynorsk faktabok 2005. Oslo: Nynorsk kultursentrum.
Haugland, Kjell. (1985). Striden om skulespråket. Frå 1860-åra til 1902. Oslo: Samlaget.
Hausberg, Sverre (red.). (1927). Minneskrift utgjeve i tilføre av 50 års-høgtidi åt mållaget ved Stord lærarskule. Stord.
Kjelda, nr. 2, juni 2006. Laberg, Jon (1936) Lærdal og Borgund. Bygd og ætter.
Lothe, Anders A. (1950). Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.
Florø: Firda lærarlag m.fl.
Lærdal songkor og Lærdal Mållag (1996) «Velkomen atter hit…» Eit syngjespel om Ivar Aasen og Lærdal
Målsnes, Jon (red.). (1947). Sogn ungdomslag 50 år. Leikanger: Laget.
Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5.) Gaupne: Luster kommune.
Nokre opplysningar er dessutan henta frå avisene Den 17de Mai og Sogns Tidende, og frå arkiva etter Jostedal mållag og skulestyra i Luster og Jostedalen (Fylkesarkivet/Luster kommune), og Peder Hovdan (Ivar Aasen-tunet, Ørsta). Munnlege kjelder frå Lærdal er òg nytta.