Galdane i Lærdal 1839, Thomas Fearnley, eigar Nasjonalmuseet

Då hestediligensen køyrde til Sogn

Bilete: Galdane i Lærdal 1839, Thomas Fearnley, eigar Nasjonalmuseet

Då heste-diligencen køyrde til Sogn, av Bjarne Lundeland.

Utdrag frå Tidsskrift 25 for Sogn, utgjeve 1976.

Då dette vert skreve (1974) er det vel like før sogningane får direkte flyrutesamband med Oslo. Samstundes er det omlag 100 år sidan det vart mogleg å reise med rutegåande transportmiddel over land mellom dei same stadane. Det var i 1876 at staten kjøpte 12 vogner som vart sett inn i DILIGENCE-fart i sommartidi på dei mest turisttrafikkerte vegane i Sør-Noreg, nemleg mellom Lillehammer—Støren, Lillehammer—Veblungsnes, Gjøvik—Odnes og Odnes—Lærdal. Dei første av desse rutene kom i gang same året. Odnes—Lærdal sommaren 1878. Seinare sette staten i gang slik rutedrift på strekkja Gudvangen—Vossevangen—Eide i Hardanger, visstnok også på vegen Sand—Røldal—Odda.

Diligence var nemningi på fire-hjula vogn, overbygd, med og som gjekk i faste ruter, to eller fleire hestar. Det hadde tidlegare vore diligencefart andre stader m.a. mellom Oslo og Drammen alt frå 1837 i privat regi, m.a. dreiv engelskmannen Thomas Bennett, skiparen av det seinare så diligence-rute Oslo—Drammen og Oslo— kjende reisebyrået Eidsvoll (før hovudbana kom) og mellom Oslo og Fredrikstad. Men drifti var ikkje lønsam og Bennett slutta med dette og tok til med hesjedrosje-trafikk i hovudstaden og seinare hestetransport av turistar i heile Sør-Noreg.

At staten tok initiativ til diligencefart var vel med mønster i det som er nemnt her og avdi liknande tiltak var meir vanleg i utlandet. Og det var vel ut frå omsynet til at talet på utanlandske sommar-turistar i Noreg hadde auka mykje sidan midten av hundreåret. — Utetter i 1880-åri var talet kome opp i 15—16 tusen om året og inntekti for landet av denne turist- ferdsla vart rekna i millionsummar årleg, alt då. Turistane som reiste over land i Noreg måtte stort sett nytte seg av den gamle skyss-stasjonsordningi på den tid. Det var ikkje så ende fram med «tilseiing», lang ventetid o.l. Etter kvart som turistferdsla auka, tok Bennetts reisebyrå, seinare og Cook's reisebyrå, seg mykje av turistferdsla, og arbeidde den fram. Dei hadde hestevogner (karjolar, triller, kalesjevogner, gigger, stolkjerrer) ståande på ymse stasjonar som t.d. på Lærdalsøyri og på Odnes — for landtransport av turistar.

Hesteskyss av Flintoe
Bilete av Flintoe, eigar Nasjonalmuseet

Engelskmannen Frederick Metcalfe, som reiste mykje i Noreg i 1850-åri og som har skreve bøker om desse turane, fortel at på den tid fanst det ikkje diligencevogner i Noreg, men folk reiste i eit lite køyrety som vert kalla karjol og som dei reisande (altså turistane) må leige eller til og med kjøpe for å kome seg vidare. Før kunne køyrety ikkje skaffast for turist- ane på stutt varsel, fortel Metcalfe, men så kom Mr. Bennett (den same som er nemnd framanfor) som den reddande engel for britane som var på tur i Noreg med di han ordnar med landskyss for engelske og andre turistar i Noreg. Bennett, fortel Metcalfe vidare, var tidlegare student ved Oxford, men bur no i Oslo og er assistent ved det engelske konsulatet der og er dessutan «mangfoldig agent». Både stats-diligencen, Bennett og Cook hadde sine eigne kuskar, men hestane vart leigde på skyss-stasjonane. Ein skyssgut måtte då fylgje med for å ta hestane attende der dei høyrde heime.

Rutene med heste-diligence heldt staten fram med til 1897, Lærdal—Odnes til 1896, altså i 18 år. Staten sitt initiativ i diligencetrafikken fekk motbør m.a. frå dei mange vognmennene som etterkvart søkte seg næring med turist-skyssing og staten trekte seg ut av det. — I alle høve, statsdiligencen var-sla ei ny tid i samferdsla m.a. og for Sogn som frå 1878 kunne reise over land t.d. til Oslo med rutegåande transportmiddel og det berre 20 år etter at det kom sjøverts ruteferdsle med Amtsbåtane. I bladet «Sogns Tidende», som den gongen kom ut i Lærdal, var det først i juni 1879 ei noko ruvande lysing om «I DELIGENCEFARTEN MELLEM LÆRDALSØREN OG ODNÆS sommeren 1879».

Der heiter det at diligencen går frå Lærdals-Øyri kvar sundag kl. 7 og måndag, tysdag og torsdag kl. 9 010 føremiddagen og at denne ruta kom til Odnes ved Randsfjorden dagen etter i 4—5-tidi om ettermiddagen. Laurdag, tysdag, torsdag og fredag gjekk ruta den andre vegen. Billettprisen var for ein veg på heile strekkja kr. 35.00 for vaksne og for kortare reiser kr. 1.67 og kr. 22.40 for «halvvoxne» for mili for vaksen person. Det var omlag det same som vanleg skyss frå dei faste skyss-stasjonane som frå 1/1-1877 var kr. 1.40 for mili + «tilsigelse» kr. 0.14.
Det heiter vidare i denne lysingi at det er plass for 4 personar i diligence-vogni «efter Omstendighederne for flere, hvis nogen av Passagererne ere under 15 Aar». Bagasje på inntil «40 Punds Vægt» (20 kg.) kan vaksen person ta med fritt. «Diligencen holde Middagshvile ved bestemte, dertil skikkede Stationer, ligesom der er sørget for gode Nattekvarterer. Diligencerne korresponderer ved Lærdalsøren og Odnæs med Dampskibene paa Sognefjorden og Randsfjorden. Til Kudske ere antaget voxne og kjørevante Folk. Hver Vogn kjøres av samme Kudsk den hele vei. — Den hele Diligence eller enkelte Pladse for Routens hele Længde kan mod Indsendelse af kontant Betaling forudbestilles indtil 14 Dage i Forveien: For Ruten Lærdalsøren—Odnæs hos undertegnede Bestyrer Lensmand Andresen og for Routen Odnæs—Lærdalsøren hos Expeditør Wisting, Odnæs, Nordre Land».

Nokre år seinare var passasjertaksten mellom Lærdal og Odnes auka til kr. 90,— Då det er omlag 225 km. mellom Lærdalsøyri og Odnes — sett i høve til rutebil-takst var dette ingen billeg reisemåte og kroneverdi no. Det er heller ikkje så mykje som tyder på at svært mange sogningar har vorte freista til ein rutegåande austlandstur med diligencen. — Å sjå til tok vel diligencen seg bra ut ein fin sommardag. Knut Hermundstad seier det slik i Valdres bygdebok, og det gjeld vel både stats-diligencen og dei private vognene i turisttrafikken: «Ei blanklakkert kalesjevogn med to einlette, velfødde hestar førespent med drustelege selar og 4 staselege ferdafolk og den velkledde stramme vognmannen på bukken med messingholka svipe i hand var eit flott syn —». Av andre kjelder finn ein meir syrjelege tilfelle med misshandling av hestar, det skal ha vore køyrt Lærdal—Odnes båe vegar med same hestane utan den påbodne kviletid.

Og korleis hadde dei reisande det på ein diligence-tur?

Ein bergensar som skulle til høgfjellsanatoriet i Gausdal sommaren 1881 skriv m.a. slik om denne reisi i «Bergens Aftenblad»: «Takket være «Lyderhorn» fik jeg til Lærdal slippe — den var lang nok, med en Dampbaadtur paa 15 Timer, dog Af Erfaring tør jeg sige at det er bedre at Staa i Forhold til «Lyderhorn» som Passager end som Aktionær, og det Forhold kommer vistnok til at vedblive.» («Lyderhorn» var ein rutebåt som tevla med Fylkesbaatane på Sognefjorden i si tid). Vidare skriv han: «Fra Lærdal fortsattes i Statens Diligence til Randsfjorden paa 2 Dage, og maa jeg ikke beklage mig over Befordringen, da jeg var alene, men skulde Vognen have været lastet efter Bestemmelserne, da Vé baade de Reisende og især Hesterne. Kjøretøiet var ikke smukt, heller ikke synderlig bekvemt og derhos unødigt tungt for de stakkars Heste, — jeg anmelder foreløbigt Staten for Dyrplageri — Her kan ein skyte inn at «Foreningen til Dyrenes Beskyttelse i Christiania» publiserte ein plakat om hestane i diligencefarten og vognmann-skyssen der det heiter m.a. at det «ikke maa reises hurtigere, end at 1 Mil tilbakelægges paa 1 1/4 Time paa Chausseé, — og paa bakket Vei mere» (Turistforeningens Årbok 1879 og 1880).

Uttrykket chausse stod for hovudveg der stigningstilhøvi var rimelege og pukklaget i vegen godt. Amund Helland har i verket «N. Bergenhus Amt» (1901) rekna vegen gjennom Lærdal/ Borgund for å vere chausseé.

frå Galdane i Lærdal
Laukebakkane i Galdane, Lærdal av Flinto, eigar Nasjonalmuseet

4. juli 1879 skriv «Sogns Tidende» m.a. om vegvølingi etter flaumen sist i mai månad: «De gamle Klever over Seltunaasen og Vindhellen maa fremdeles benyttes, men er meget godt passable for hvilket som helst Kjøreredskab». Bladet meiner at det går for seint — «vigtige Ting som Færdselen efter en af Landets mest befærdede Hovedvæie— bør behandles hurtigere — —» og held fram: «Diligencefarten mellem Lærdalsøren og Odnæs er nu begyndt idet første Vogn ankom hertil i Lørdags», men førebels var det mest tome vogner då turisttrafikken endå ikkje er komen i gang. Bladet kritiserar korrespondansen mellom rutebåtane og diligencen på Lærdalsøyri. Om båten ikkje held ruta så går diligencen likevel i si rute, noko som er til stor ulempe både for post og for ferdafolk. Bladet meiner vidare at «man mere faar indrætte sig med Befolkningens end Turistenes Tarv for Øie, selv om man herved maatte renoncere paa en Smule Fortjeneste, hvilket vel forresten er tvivlsomt

At staten sette i gang diligencefarten hadde vel sine gode grunnar. Sett med eit økonomisk syn no i vår tid, var ikkje staten sine utlegg til dette så store, vegkomiteen i Stortinget førde t.d. på budsjett 1888/89 opp kr. 8.500,— til diligencefarten. — Det var vel først og fremst omsynet til den aukande turistferdsla over land som gjorde at styresmaktene meinte at det måtte vera eit betre tilbod til dei reisande enn berre den gamle skyss-skipnaden og vognmannstrafikken som etterkvart tok seg opp og som hadde visse leide sider. Det var serleg engelskmenn som i siste helvta av 1800-talet reiste i Noreg om sommaren. Dei var vane både med diligenceruter og meir jarnbaner enn me hadde på den tid. Det kom truleg og visse krav frå turisthald og frå sume distrikt om betre reisetilhøve. Stortingsmann Kolbeinstveit t.d. snakte i Stortinget i slutten av 1880-åri for å få diligencefart mellom Sand—Røldal—Odda, som ei prøvedrift — endå om vegen der ikkje var heilt ferdig på den tid.

Frå 1840-åri hadde det vore i gang dampskipsfart på Mjøsa, i 1850-åri var det 3 slike rutebåtar der. På Randsfjorden gjekk det i midten av 1850-åri dampbåtrute annan kvar dag kvar veg mellom sør- og nordenden av fjorden. Etter at det i 1872 var kome jernbane Oslo—Drammen—Randsfjorden har vel styresmaktene funne at det då var høgst turvande med dei ovanfor nemnde diligence-rutene.
For Sogn sitt vedkomande kunde ein difor frå 1878 nytte rutegåande transportmiddel frå Oslo og andre austlands-stader fram til Lærdal —og vidare derfrå med rutebåt. Men fort gjekk det ikkje — og som me har sett var det heller ikkje så billeg å reise.

Skal her ta med litt om det gamle skyss-stellet.

Det er interessant å sjå korleis skyss-lovene etterkvart vart endra og førde i pakt med utviklingi frå omlag 1850 og fram til 1951 då heile skyss-skipnaden vart avvikla som uturvande. I endringslov i 1860 kom det ei føresegn om at «forsaavidt der paa Veilinie gaar Diligence, eller Veien ligger ved Siden af Jernbane eller Dampskibsfart — kan den i § 1 omhandlede Beslutning gaa ud paa, at Skyds paa Skifter, der ligge paa en saadan Vei, kun skal være at erholde paa visse Aarstider eller Dage.

Det vart etterkvart sett større krav til køyrereidskap. Lovendring i 1851 påla «de Skydspliktige — paa de faste Stationer at levere til de Reisendes Befordring Karioler og Reisekjærrer paa Fjædre med Hynde og Skvætlæder, der betales med 6 Skilling for Milen». Det var framgang, for me veit at t.d. skyss over Filefjell i eldre tid vart gjort med mykje simplare greier. Frå gamal tid kvilde all pliktskyssing på bøndene som måtte skysse etter tilseiing. Det var ei tung bør på dei gardane som hadde denne plikti på dei mest trafikerte vegane. Og bøndene klaga.

Maristuen, av Flintoe
Maristuen av Flintoe, eigar Nasjonalmuseet

Frå 1850-åri løyvde staten tilskot til faste skysstasjonar, men alt før den tid hadde staten skipa slike faste stasjonar t.d. på Maristova, der det skulle haldast 6 hestar om sommaren og 4 om vinteren mot ei godtgjersle 150 spesiedalar om året av statskassa. På Hegg og Husum skulle det vere 4 hestar på kvar stasjon.
Amtmannen gjorde framlegg om faste skysstasjonar på Lærdalsøyri og Lysne og han skreiv om saki såleis: «Paa Lærdalsøren kan Søskyds til enhver Tid let erholdes, medens derimod de Reisende, især etter i større Antal at være ankomne med Dampskib, oftere skulde have været opholdte der af Mangel paa et tilstrækkeligt Antal Heste —».

Det var så gjeve fylkestilskot til faste stasjonar på Lærdalsøyri, med årleg tilskot i 1876 på 180 spd. og på Blåflat 240 spd. årleg. På stasjonane Husum, Hegg, Maristova og Breistøl tok staten heile kostnaden. I Lærdal var det ikring 1880 over 20 personar som dreiv skyssing i privat regi (vognmenn). — Alt dette fortel om aukande ferdsle gjennom Lærdal, og vidare til og frå Sogn elles — i sommartidi. Då lovi om skysstellet vart omskipa i 1860, vart det gjeve tilråding frå amtstinget, og det ser ut for at det var første gongen fylkestinget i Sogn og Fjordane kom bort i spørsmål som tangerte turistferdsle, fortel Hans Seip i boki si «Sogn og Fjordane». Det kom då fram at sume av dei reisande «deels besøge Districtet for at recreere sig»! Kanskje tykte ikkje vegnemndi om dette — dei augna gjerne nye byrder.

Etter kvart som det tok til å kome større turistfylgje, dels med «turistdampere», vart det fleire og fleire som tok til som vognmenn. Dei stadane som var mest aktuelle i så måte her i Sogn var Lærdalsøyri og Gudvangen. Mellom dei mange vognmennene vart det mykje tevling og dels onnor ugreie slik at styresmaktene måtte prøve å «regulere» det heile, m.a. vart det oppsyn av serskilt skyss-politi, det galdt m.a. å verne både turistane og kanskje mest skyss-hestane. — Og staten, som dreiv diligencefarten kom på ein måte inn i tevlingi om passasjerane - og det kom klager.

Kan og ta med her ei utsegn om korleis ei «turist-reise» frå Oslo til Sogn arta seg med hesteskyss sommaren 1881 slik som ein av sønene til den framanfor nemnde Thomas Bennett har fortalt det (han var då ung tolk og reiseførar) — sjå Chr. Gierløff si bok om Thomas Bennett (1925) side 75-76: «Vi kjørte ut fra Store Strandgate 17 i en kalesjevogn — Første skifte var Sandvika, hvor gamle Bjørnstad stod ferdig med 2 løshester som var bestilt i forveien — Vi overnattet første dag på Glatveds hotell på Hønefoss og næste morgen fortsatte vi til Randsfjord, hvor vi skulde ta båten til Odnæs. Det var et svare bråk å få vognen ombord. Det var vår største kalesjevogn og kapteinen lot falle onde ord. De reisende hørte dette og da kapteinen fortalte dem at det ikke var tale om å få vognen transportert på båten fra Lærdalsøren til Vadheim, blev de missmodige og samtykket i at vognen blev satt av på første stoppested.

fjellskyss av Flintoe

Det er no 30 vognmenn i Lærdal og like mange austanom fjellet som arbeider i denne ruta, fortel søknaden, og at det er dei private vognmenn som har arbeidd fram denne turistruta, men då trengde staten seg inn «for å spare de Reisende for Vilkaarlig Behandling»
Dampskibsførere er Agenter for Diligencen mod «Provision» og det vert hard tevling slik at dei private må gje tapt. Det vert og nemnt at diligencen ikkje fyl rutene sine, «men bliver disponeret over efter Forgodtbefindende af Agenterne. Lærdølene vonar på at Stortinget ikkje vil at staten skal drive på denne måten for i andre Tilfælder pleier Staten at understøtte den Private Bedrift — en stor Del af Vognmændene her paa Stædet har Skydstrafiken som hovedsagelig Levevei, men Staten konkurrerer slik at Samfundsborgerne trues med at miste sit Brød».
Skuldingane mot dei private vognmenn om at dei driv hestane sine for hardt, vert avvist som urettvis påstand. Vognmennene i Lærdal sluttar søknaden sin med oppmoding om at diligencefarten som staten driv på strekkja Lærdal—Odnes «a) enten ganske sløifes, b) indskrænkes til høist 3 Gange ugentlig, c) at den hidtil drevne Agentvirksomhed ophæves».
Vegnemndi i Stortinget rådde trass desse søknadene til at staten sin diligencefart «opretholdes som hidtil», men finn det rimeleg at dei private vognmenn er missnøgde, likeeins at kommunestyri i Voss og i Lærdal stør søknaden, men nemndi finn ikkje at det er noko «sikkert Vidnesbyrd» i det som kommunestyri seier. Det må søkjast opplysningar på eit breidare grunnlag i alle interesserte distrikt, før det vert vedteke å leggje ned staten si diligencedrift, seier nemndi.

Då saki kom fram i Stortinget 26/4-1888, sa Otto Blehr (dåverande stortingsmann frå Sogn og Fjordane, advokat i Lærdal frå 1877, ordførar i Lærdal 1882—88 seinare statsminister) — at diligencefarten ikkje måtte skade dei private vognmenn i Voss og i Lærdal, han meinte at diligencefarten som staten dreiv «i sig selv er gavnlig for Turisterne». Blehr korrigerte elles i tinget opplysningar som var komne fram i søknaden om talet på vognmenn, han meinte at talet på private vognmenn mellom Lærdal og Odnes var berre 40 i alt. — Det vart så vedteke at staten skulle halde fram med diligencefarten, men etter den fråsegn som vegnemndi gav, ser det ut til at staten er på vikande front i denne saki. Og som nemnt trekte staten seg ut av dette. Jarnbana vart etterkvart meir utbygd i landet, som nemnt kom Vossebana i drift i 1883 og mindre enn 20 år seinare, i 1902, kom det i gang prøvedrift med bil mellom Voss og Eide.

Bergensbana vart opna i 1909 og frå 1911 kom det i gang bilrute Lærdal Austlandet. Me er inne i motoralderen. Diligencefarten var berre eit mellomspel i den store trafikkutviklingi i dei siste 100 åri.