Bygge hus med laftestokkar

Born og unge på museet

På museet er det mykje å finne på. Her er dyr, leikeplass, naturløyper, eventyrskog og mange andre spennande ting:

Dyr
På museet har vi dyr som steller kulturlandskapet. Rundt om på uteområdet kan du difor sjå ulike husdyr. Vi har hest, kyr, sauer, griser og høner. Klokka 14.00 måndag til fredag kan du vera med å mata dei.

Leikeplass
Ved leikeplassen rett ved inngangen har vi sandkasse, sklie og klatrestativ. Her kan du også prøva å gå på stylter.

Eventyrskogen
I skogen nedanfor hovudbygninga ligger eventyrskogen. Her kan du møte troll og andre eventyrfigurar. Oppdag skogen, lag di eige trollsang, balanser på tau mellom tre og klatre opp Berget det blå. Du kan også ta det med ro og lesa eventyr i lesekroken.

Bygg ditt eige tømmerhus
Laftetømring var vanleg teknikk å bruka ved bygging av hus. Nedanfor leikeplassen har vi laftestokkar der du kan prøva deg og laga ditt eige hus.

Indre Sogn tunet
I gamle dagar var det mykje arbeid. Nokre vanlege arbeidsoppgåver var å bera vatn, saga ved og slipe ljå. I tunet kan du prøva korleis det er å bera med vass-sele, saga ved og dra slipesteinen.

Naturløyper
På stigar i skogen, langs enger og beite finst fire ulike naturløyper som du kan følgje og læra om ulike tema. Dei stigane du kan velja mellom er:

• Nyttevekstløypa
• Naturleikeløypa
• Viltløypa
• Kulturlandskapsløypa

Sjå meir om Naturløypene her..

Utstillingar
Innandørs, i hovudbygningen, har vi ei barneutstilling der du både finn leiker å leika med og utstilling der du kan sjå kva leiker som bestemor eller oldemor kanskje leika med.