Boka "Levd liv"

Boka "Levd liv"

fortel soga om sogningane frå steinalderen til i dag. Korleis levde vi, og kva levde vi av? Kva arbeidde vi med, og kva trudde vi på? Gjennom ord og bilete skildrar boka hus og gjenstandar på De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og dei kulturhistoriske samanhengane dei høyrde heime i. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum fylte 100 år i 2009, og soga om museet er skildra i siste delen av boka.

Boka gjev nyttig bakgrunnskunnskap til eit kvart museumsbesøk. Ikkje minst til føre- og etterarbeid til fleire av skuleopplegga vil ho vera til stor nytte.

Boka kan kjøpast både i bokhandelen og gjennom museet. Vi gjev rabatt ved kjøp av klassesett.

Har du lyst til å bla litt i boka kan du gjere det her...