Biletalbum frå museet

Biletalbum frå museet

På museet vårt finn du mange spanande ting. På biletbanda du finn på denne sida syner vi berre eit lite utdrag av noko av det som finns innan dei ymse emna i utstillingane og på friluftsmuseet.

Kjem du til museet får du sjå dette og mykje anna...

Museumsgarden

Om sommaren har museet full gardsdrift, med hest, kyr, griser og høns. Garden vert drive slik ein gjorde det på slutten av 1800-talet, og i eit tidsrett kulturlandskap. Museumsgarden skaper liv i museet, og ikkje minst for borna gir husdyra museumsbesøket ein ekstra dimensjon. Her kan du sjå eit biletalbum frå garden...

Leitehuset frå 1960-åra

Har du sansen for 60-talet og vil oppleva glimt frå denne tida, er Leitehuset noko for deg. Sjå eit biletalbum frå huset...

Tru og overtru

"Det var tru med alt del gjorde" sa Johannes Skar om del gamle setesdølene, og det same kunne han ha sagt om sogningane, eller om andre nordmenn.

Menneska i det gamle, norske bondesamfunnet trudde fullt og fast at dei levde i eit landskap der dei var omgjevne av åndelege, usynlege krefter som kjempa om herredømmet i «manneheimen» og var med på å bestemma over liv og lagnad for den enkelte. Desse maktene kunne vera både gode, livgjevande hjelparar og uhyggjelege, skadegjerande mørke-makter.

Det var gjerne menneska sjølve som avgjorde om maktene var gode eller vonde. Avgjerande var det at ein respekterte at desse maktene fanst og hadde sine rettar, og at ein følgde del gamle reglane og rituala for «sambuarskapen» med maktene til punkt og prikke.

Her på museet har vi mange gjenstandar som vert forbundne med tru og overtru i «gamle dagar». Her kan du sjå nokre av dei…