Spåbein

SPÅBEIN frå Sogndal Dette er ulike bein frå sau, som vart kalla “spåmøy” og var brukte til å spå med. Holsida på spåbeinet vart kalla “hola,” og den andre sida var “kass,” som tyder ei forhøging. I sognemålet vart penis kalla “kassepitten,” og i nattefrieriets tid hadde spåbeina ei erotisk tyding: Kom “hola” opp når ein kasta dei, hadde gut og jente hatt samleie. Seinare vart spåbeina brukte til ynskjemål: Kom “hola” opp, fekk ein det ein ynskte seg. “Kass” gav derimot negativt resultat.