Runepinne

Denne flate runepinnen er frå 1200-talet. innskrifta har delvis magiske lønnruner og tyder “Arne prest vil hava Inga.” Det var nok Arne prest som sjølv skreiv dette for å hugvenda Inga, slik at han kunne få henne. Desse kjærleiksrunene er derfor truleg eit vitnemål om ein prest som trossa pavens nyss innførde påbod om sølibat for prestar. Dei viser i tillegg at han var villig til å ta i bruk magiske, heidenske trolldomsruner for å få den kvinna han ville ha.