Olavskrossar

Olav den heilage var Noregs fremste helgen, og vatnet i kjeldene der han hadde vore vart rekna som heilagt. Olavskjelda i Årøy er ei slik kjelde. Hit kom folk og drakk frå kjelda eller henta vatn, og i takksemd la dei då la dei ofte att ein trekross. Denne skikken heldt seg til langt utpå 1900-talet. Den eine av desse krossane er ein sjølvvaksen furukvist, den andre er laga av to bjørkekvistar, som er bundne saman med rot-trevlar.