Nabb

Trenabben med runeskrift kjem frå Borgund. Han stod i ein sprekk i låveveggen på garden Øvre Kvamme og var brukt til å henga kornsåldet på. På oversida er det innskore eit ornament og årstalet 1796, og på langsidene er det truleg eit slags alfabet for bonderuner.