Kvannepipe

Menneska har til alle tider nytta plantene rundt seg til ulike føremål. Kvann (Angelica archangelica) vart alt frå mellomalderen brukt både som mat og medisin, særleg mot pest. Stilkane åt dei rå, og rota kunne dei leggja på brennevin, tyggja eller røykja som tobakk. Det var eit søvndyssande middel. Kvann veks vilt, men vart også dyrka i eigne hagar. Kvann var både sals- og eksportvare, og han skulle etter lova finnast på norske apotek til 1895.