Bjørnelabb

Inga livshending hadde større plass i folketrua enn fødselen og tida rundt den. Ei gravid kvinne måtte vernast mot både villdyr og vonde vette. Fødselen var ein kritisk fase, og det nyfødde, udøypte barnet var særleg utsett. Bjørnelabben kjem frå Sogndal, og han vart brukt til å fremja fødslane. Dei strauk då bjørnelabben over underlivet til barselkona. Skikken hang truleg saman med kvinner som gjekk med barn måtte passa seg for bjørnen. Han kunne følgja etter dei og riva fosteret ut av morslivet deira, særleg om dei gjekk med gutebarn.