Beite

Beite

Beite kan ha ulik utsjånad. Nokre er opne, andre har tre og busker. Hagemark vert ofte dominert av ein type tre/busk. Her på museet ser du bjørkehage, og vi prøver å få til ein einerhage. Tidlegare var og skogen viktig beiteressurs. Beiteskogen har ofte redusert busksjikt.

Beitemønster til dyr

Dyra har ulik måte å beita på, og gjev ulikt preg på naturen.

Hesten biter av graset og der hesten har gått kan beitet sjå ut som ein snauklipt plen. Drøvtyggare har berre tenner i nedre kjeven, og har i staden ein pute i den øvre. Det gjer at dei eter heilt ulikt frå hesten. Kua har ein strev tunge som ho fangar graset med og riv av graset. Ho er difor lite selektiv. Sauen derimot har ein nos som er smal og gjer det enklare å skilja ut graset og ho er meir selektiv i sitt etande. Ofte ser du at ho berre har knipsa av det smakfulle akset, men lat strået stå att. Geiten er den som er kjent for å eta mest trevekster, meir en dei andre.

Felles for alle dyra er at de unngår å eta kring sin eige drit. Det å la dyra sambeita eller skifte beitet mellom ulike dyreslag kan vera ein fordel.