Tilbod til barnehagar

Barnehagar

Tilbod til barnehagar

Barnehagar er alltid velkomene til museet. Vi har fleire leikeplassar, og om sommaren er også dyra på garden spennande å sjå på. I juni kvart år arrangerer museet eigne Barnehagedagar, der ungane kan få køyra med hest og vogn, høyra eventyr i ei av dei gamle stovene, og elles leika seg på friluftsmuseet. Alle barnehagane i distriktet vert inviterte til desse dagane.

Barnehagedagane i år vert 13, 14 og 15. juni.

Andre tilbod til born og unge, som ein kan finne på museet om ein vil gå på eiga hand

- Eventyrskogen: Her finn ein Bukkane Bruse, trollkjerringa med nasen i trestubben, Askeladden og og andre eventyrfigurar. Det er sjølvsagt spennande å leika seg i skogen, og på Eventyrplassen kan ein setja seg ned og lesa eventyr som ein finn i Eventyrkassa.

- Dei fire naturhistoriske løypene har ulike tema: Leik, kulturlandskap, nyttevekstar og vilt. Dei er sjølvinstruerande og greie å bruka på eiga hand. De kan også få eigne oppgåvesett til kvar av løypene.
- Sjå heimesida http://www.dhs.museum.no/naturloypene for å få meir informasjon.

- Laftestokkane: Med dei kan elevane byggja sine eigne hus og hytter. Dei kan brukast etter avtale, også utanom dei faste opplegga.

- Leikeplassane: Her er det sandkasse og stylter, vippe og sklie.

- Andre aktivitetar: Ved Indre Sogn-tunet kan de saga ved, bera vatn med vass-sele eller sjå på husdyra våre (frå slutten av mai). Vi har hestar og griser, sauer, kalvar og høner.

- Barneutstillingane finn de inne i hovudbygningen, og her er det også høve til eigenaktivitet som å byggja med klossar, spela spel, leika i eventyrslottet, teikna eller liknande.