Arkiverte artiklar

Artiklar frå gamle årbøker

Museet har mange artiklar som vi gjerne vil publisera. Nokre av dei finn du her, og andre kjem til etter kvart.

Historielaget for Sogn

Arbeidet med å få eit sogelag for Sogn vart for alvor teke opp i 1908. G. F. Heiberg fortel sjølv at han nokre år tidlegare hadde arbeidt med å skaffa nok medlemer av Fortidsforeninga til at ein kunne få skipa ei lokalavdeling i Sogn, men at det ikkje lukkast. Korleis historielaget vart til kan du lesa her

Handel med husdyr frå Sogn og austover i eldre tid

Kva tid denne handelen tok til, er ikkje så godt å seia. Me høyrer om handelskarar tidleg på 1800-talet, men truleg har det alltid vore ein del handel med husdyr som med andre varer, serleg i samband med den gamle Lærdalsmarknaden som me kan fylgja attende like til 1500-talet. Korleis kunne Sogn ha så mykje husdyr å selja? Me må då hugsa på bruksmåten i eldre tider. les artikkelen

Sognablo

I 1847, same året som Aasen avslutta den store målgranskingsreisa si, vart det fødd ei kvinne i Sogndal som skulle kome til å gje eit bidrag til Asen sitt arbeid med å ta vare på det «ekte» norske målet og dei gamle dialektane. Bolette Pavels Larsen heitte ho og ho var den første kvinnelege forfattaren som skreiv på sognemålet. I "Årbok for Sogn 1996" vart novella «Sogneblo» frå samlinga «Smaoe skjeldringa», som kom ut i 1897 trykt. les novella her

Han hamna i Skotland

Mads Fitje frå Ortnevik var ved jonsokbel på ferd med jekt til Bergen. Dei var komne til Fensfjorden og låg i vindstilla. Så vart det vasslause, og dei visste at ved Vikingvåg var det ei god kjelde. Undermannen på jekti rodde difor dit for å henta vatn. Medan han var i land, kom det vind og mørke skodde over han. Ingen av dei såg noko til kvarandre. Mads Fitje miste landkjenning og visste ikkje kor han var. Då skod da letta, var han komen langt ut på havet. les artikkelen

Turismen i Sogn

Det er visse føresetnader som må vere til stades for at turistar materialisera seg i eit så stort tal at vi kan snakke om turisme i eit område. Først må det finnast personar som disponerer midlar ut over det som trengs til det daglege brød, og som er viljuge til å bruke dei på reiser. Det er desse som er dei "lystreisande". Dernest må dei ha eit mål, ein by, eit historisk minnesmerke, vakker eller vill natur. Målet må og kunne tilby visse basistenester som er nødvendige for at den "lystreisande'' skal kunne ta seg fram til målet og føle seg vel under opphaldet. Basistenestene er transport, mat, og tak over hovudet. les artikkelen

Lusakaupangr

I "Tidsskrift" utgjeven av "Historielaget for Sogn" i 1932 vart det trykka ein artikkel om "Lusakaupang". Artikkelen vart skreven av Gjert Falch Heiberg som saman med arkeolog Dr. Sigurd Grieg freistar å finne ut kor Lusakaupan eigentleg låg. Artikkelen er basert på funn som vart gjort på Amble hovudgard i byrjinga av 1930 talet. Ein oppfølgjande artikkel av Heiberg vart trykka i Historielaget sitt tidsskrift frå 1934. Den artikkelen var basert på nye funn sommaren 1932. les artikkelen

Skattejakt på museet

Digitalisering av gjenstandar i Primus….høyres ikkje det spennande ut? Kanskje ikkje så mange som veit korleis dette går føre seg, og kanskje det ikkje høyrest særleg spennande ut heller, men det kan eg lova deg at det er. For ikkje berre handlar det om å registrere gjenstandar i ein database, men det handlar og i høgste grad om å få med historia rundt kvar og ein av desse gjenstandane. Og kvar einaste gjenstand vi har her på museet kan fortelje si eiga spesielle historie. Dei kan mellom anna fortelje om opphavet sitt, kva dei har vore brukt til og kven som har eigd dei. Dette er berre nokre av dei mange opplysningane vi må ha med i digitaliseringa, og det er særs viktige opplysningar for ettertida. les artikkelen

Den gamle industrien på Foss

Sogndal har aldri vore noko typisk industribygd. Men i mindre målestokk har vi i alle fall eit svært gamalt industrimiljø oppe ved Sogndalselvi, tre- fire hundre meter ovanfor elveosen. Vi tenkjer ikkje då spesielt på dei eldgamle kvernhjula som har surra her ved fossen, og som i alle fall er kjende i dokument heilt attende til 1320. Heilt fritt for annan industri var det likevel ikkje. Amtmann Aubert kunne såleis i 1855 i femårsmeldinga si melde om “— et Garveri i Sogndal, der aarlig tilbereder og afsætter et betydelig qvantum Læder og Skind af særdelis god Bonitet”. Men noko som likna fabrikk var dette ikkje. les artikkelen

Hellebrotet i Dalsdalen i Luster

Dersom ein tek av frå riksvegen ved Kvåle bru i Luster og køyrer framover Dalsdalen, ca. 200 m forbi Tadlagjerde og kraftstasjonen på Sage, er Helleberget tett ved vegen på venstre hand. Her ligg det felles hellebrotet til oppsitjarane i Dalsbygdi.
Litt lenger framme på (Dals)Øyri si utmark Sauskreda, ligg også eit stort hellebrot. På nordaustsida av Framdalen ovanfor Flikkistølen, finst eit mindre skiferbrot. Sel og løer her er tekte med skifer.
Hellestein, dette sterke og varige, billege materiale som har vore så mykje brukt; i holveiter, grøfter og brønnar. Til gardastolp, særleg der det røynte på i hjørne og ved grindsle. Som merkjesheller og gravstøtter, som dekke på bruer og klopper. Mura tropper hadde oftast heller oppå som dekka heile trinnet, fint slegne til, så dei låg støtt. Innom hus var det ofte hellegolv i skot og kjøken, helle i peisen og brannmuren, og i fjøsen kunne det vera heller som båsflakar mellom kyrne. les artikkelen

Poteter og potetdyrking i Sogn

Poteta kjem frå Sør-Amerika og var dyrka av indianarar, men vart vidare utvikla som matvekst i Europa og spreidd derifrå til resten av verda. Opphavsmaterialet i Europa fram til ca. 1800 var poteter frå Peru. Potetplanter derfrå utviklar berre brukbar knollavling når dagen er kortare enn 12–14 timar. Då vi berre har 20 - 40 gode vekstdøgn for potet etter at dagane er blitt korte sist i august, kunne ikkje slike sortar dyrkast med bra resultat som matplante i Noreg. Først kring 1750 var det kome fram sortar i Nord-Europa som var bra tilpassa våre daglengde-vilkår. Eit meir dagnøytralt sortsmateriale kom gradvis fram mot år 1800. Dei sortane vi dyrkar i dag har for det meste genar frå dagnøytrale poteter frå Chile. les artikkelen

Då heste-diligencen køyrde til Sogn

«Tidsskrift for Sogn» frå 1976 inneheld ein artikkel skriven av Bjarne Lundeland om hesteskyssen over fjellet, frå aust til vest. Denne skyssforma starta på 1870-talet og held fram i om lag 18 år. Den gamle kongevegen, som den gong var hovudvegen mellom aust og vest er no opprusta og vart nyopna i august i år (2016). Vi meiner difor at artikkelen til Lundeland kan takast fram at og publiserast på nytt på heimesida vår. God lesnad