Årbok for Sogn - 2021

Årbok for Sogn - 2021

Velkomne til årboka

Presentasjon av forfattarane:

Ragndid Børesen: Det store museumsjubileet i 1934
Ole Fredskild: Kvammeloftet - Analyse av opphav og historie gjennom handverkskompetanse og restaureringsarbeid
Odd Helmer Handeland: Fortun stavkyrkje. Kyrkja som ikkje ville døy
Terje Eggum Dei møttest midtfjords
Marie Pettersson: Kulturlandskap på museum - samanhengen mellom natur, bygningar, reiskapar og arbeidsmåtar
Christoffer Knagenhjelm, Inger Auestad, Åse-Birgitte Berstad og Hanna Allesøe Hansen: Opplevingslandskap Kaupanger
Aage Engesæter: Årbok for Sogn 1910—2021

Årsmelding 2020 De Heibergske Samlinger — Sogn Folkemuseum

Register 1910-2021

Føreord

Det er med frustrasjon og vemod eg inviterer dykk inn i denne årboka, kjære lesarar. For dette er etter alt å dømma siste gongen de får Årbok for Sogn. Leiinga i Musea i Sogn og Fjordane har bestemt seg for leggja ned årboka som har formidla soga om og til sogningane gjennom heile 111 år, like lenge som De Heibergske Samlinger — Sogn Folkemuseum har eksistert.

Like sjølvsagt som å driva museet, har det i alle desse åra vore å gje ut årboka. Idet samanslegne museet ser ein annleis på dette. Leiinga vil ikkje lenger prioritera ressursar til å gje ut Årbok for Sogn, om ho har aldri så lange tradisjonar_ Derimot kan dei kanskje tenkja seg ei årbok for heile Sogn og Fjordane, «eit skrift som tek utgangspunkt i musea sitt faglege arbeid og såleis stør musea sitt samfunnsoppdrag', som direktøren skriv. Dette siste er i alle fall nettopp det denne utgåva av Årbok for Sogn gjer, der heile fire av sju artiklar tek utgangspunkt nettopp i verksemda til museet.

Boka opnar ei fargerik skildring av det storslegne 25-årsjubileet til De Heibergske Samlinger — Sogn Folkemuseum i 1934. Den er skriven av Ragndid Børesen, som sjølv var med der.

Deretter følgjer Ole Fredskild si handverksfaglege analyse av Kvammeloftet, eitt av dei eldste og mest ærverdige husa på museet. Arbeidet er del av det nasjonale Hårfe-prosjektet, og artikkelen er difor også fagfellevurdert.

Odd Helmer Handeland skriv om soga til Fortun stavkyrkje, som fram gjennom hundreåra ikkje berre gjennomgjekk eigarskifte og tallause restaureringar, men også vart riven og flytt, og som til og med vart nedbrend og bygd opp att.

Terje Eggum sitt tema høyrer i hovudsak 1900-talet til, og var både eksotisk og til tider også farefullt. Han skriv nemleg om dei ferjene på Sognefjorden som korresponderte midtfjords og på den måten letta reiserutene til både fastbuande og turistar.

To artiklar i årboka handlar om kulturlandskap.

Marie Pettersson skriv om kulturlandskap på museum, med utgangspunkt i De Heibergske Samlinger. Her har ein skapt eit truverdig kulturlandskap rundt hus og tun som er med og viser samanhengen mellom natur og kultur, som gjev publikum ei auka innleving og forståing, og som også har skapt nasjonal merksemd.

Artikkelen til Christoffer Knagenhjelm, Inger Auestad, Åse-Birgitte Berstad og Hanna Allesøe Hansen skildrar arbeidet med å reetablera kulturlandskapet på Kaupanger Hovedgård, som har tradisjonar attende til bronsealderen, men som i fleire tiår på 1900-talet var ein granfröplantasje.

Årboka blir symboltungt avrunda med Aage Engesæter sin artikkel nettopp om Årbok for Sogn, frå den fyrste utgåva i 1910 og fram til denne siste. Han viser korleis dette tradisjonsrike tidsskriftet har formidla eldre og nyare historie om Sogn, og såleis er ei gullgruve for alle historieinteresserte både i og utanfor Sogn.

Registeret bakarst i boka viser dette mangfaldet av artiklar gjennom 111 år.

Ei stor takk går til dei som tok initiativet til årboka, og til alle som har delteke i det store arbeidet med å skriva, redigera, illustrera og trykkja ho fram gjennom tidene. Ikkje minst vil vi takka dykk, kjære lesarar, som trufast har tinga årboka og med glede lese ho og funne ny kunnskap om eigne røter der. Vi meiner oppriktig at Årbok for Sogn skulle hatt ei framtid, også i det samanslegne museet, men i skrivande stund ser det ut til at soga om årboka skal enda her.

Men som fjellvettregelen seier, er det inga skam å snu. Det er lov å håpa at ei dramatisk avgjerd kan bli gjort om.

Anna Jorunn Avdem
— redaktør —