Årbok for Sogn 2018

Presentasjon av forfattarane:

    Kåre Hovland: Kongevegen over Filefjell "Frå geitestig til Europa Nostra-pris".

    Torunn Løne Vinje: Den eldste Dølevegen.

    Hermund Kleppa: Dampskipet «Gudvangen», ein pioner i rutefarten i Indre Sogn 1866—1873.

    Terje Eggum: Det lange tunneleventyret i Sogn.

    Aage Engesæter: Ferdsla over Loftesnessundet.

    Oddmund L. Hoel: Forretningsmannen og målmannen Henrik Krohn.

    Henrik Krohn: Til fjells.

    Kristofer Janson: Hu hei! Kor er det vel friskt og lett oppå fjellet.

Velkomne til årboka!

Ver så god, kjære lesar, her får du ei ny utgåve av Årbok for Sogn. Årboka vår er eit av landets eldste tidsskrift som framleis blir utgjeve. Frå starten i 1910 var namnet rett nok Tidsskrift utgit av Historielaget for Sogn, som frå 1982 vart endra til Årbok for Sogn.
Men boka er den same, og 108-åringen er sprek og livskraftig. Vi vonar at også denne utgåva vil vera ei kjelde til kunnskap og glede både for sogningane og alle andre.

DS Louise

Hovudtemaet i år er ferdsle. Som Oskeladden fer vi «både til lands og til vanns», og vi ser på ferdsla både i historisk perspektiv og med samtidas briller.

Kåre Hovland opnar boka med ein fyldig artikkel om Kongevegen over Filefjell, frå dei eldste tider då dette viktige aust-vest sambandet berre var ein enkel geitestig, via dei store vegbyggingsprosjekta som gjorde stigen om til Kongeveg — og vidare fram til dagens internasjonalt kjende turveg og prisvinnande kulturminne.

Torunn Løne Vinje tek oss med til Sognefjellet, der ho har vore på leiting etter den eldste Dølevegen mellom Nord-Gudbrandsdalen og Ormelid i Luster. Denne vegen har vore ute av bruk så lenge at han er verre å finna, men soga blir ikkje mindre fascinerande av den grunn.

I lag med Hermund Kleppa legg vi så ut på fjorden, som for mange sogningar lenge var den aller viktigaste ferdslevegen. Kleppa har funne fram til ny og spennande kunnskap om den fyrste lokale dampskipstrafikken i Indre Sogn, fleire år før fylkesreiarlaget starta den fyrste lokalruta i 1876.

Terje Eggum skriv om eit emne som er meir kjent for dei fleste av oss, nemleg utviklinga av samferdsla i Sogn dei siste 30 åra.
Men den røynde journalisten, som sjølv har dekt fleire tunnel- og vegopningar enn kanskje nokon annan, gjev oss litt av ei aha-oppleving når han syner samanhengane i denne samferdslerevolusjon og kva følgjer den har hatt for bygdene våre. Sett saman med dei historiske artiklane framfor, blir artikkelen verkeleg ein tankevekkjar.
Nedlagde ferjeruter er ein del av utviklinga som Eggum skildrar. Ei kort, lokal ferjestrekning vart også nedlagd for 60 år sidan, då den fyrste Loftesnesbrui i Sogndal vart bygd i 1958. Ei ny og spektakulær bru vart opna for nokre månader sidan.
Med sine kommentarar til ein serie fotografi frå ferdsla over Loftesnessundet har Aage Engesæter også laga ei svært talande samferdslesoge.

I høve 150-årsjubileet for stiftinga av det fyrste mållaget, Vestmannalaget i 1868, har Oddmund L. Hoel skrive ein stor artikkel om initiativtakaren, Henrik Krohn. Her møter vi ikkje berre målmannen, men får også ny kunnskap om forretningsmannen Krohn.
Han vart berre 53 år gammal, så det er berre å ta av seg hatten for alt den mannen fekk gjort!

Henrik Krohn vann også å gje ut fleire bøker. I ei av dei fortel han om ein tur på fjellet Tylderingen, som også skjedde sommaren 1868. Årboka gjev att den fargerike skildringa i Krohn si eiga språkform, både for å minnast heidersmannen og for å delta i markeringa av 150-årsjubileet til Den Norske Turistforening, som også vart stifta dette året.
Med på fjellturen i 1868 var vennen til Henrik Krohn, Kristofer Janson, som året før hadde skrive songen «Hu hei! Kor er det vel friskt og lett oppå fjellet!» Songen vart sitert på turen og vart seinare allemannseige. Han har også fått sin plass i årboka.

Slik Tidsskrift utgit av Historielaget for Sogn i 1910 trykte den aller fyrste årsmeldinga til De Heibergske Samlinger — Sogn Folkemuseum, rundar også vi av denne årboka med museet si årsmelding for 2017. Men éin ting er likevel annleis i våre dagar:
Vi kan trykkja fine og forteljande fargebilete, både for å illustrera artiklane og for å visa litt av aktiviteten på museet.

Takk til biletredaktør Lars Asle Vold for godt samarbeid!

Anna Jorunn Avdem
— redaktør —