Årbok for Sogn 2017

Årbok for Sogn 2017

Velkomne til årboka!

For 500 år sidan, den 31. oktober 1517, sette Martin Luther opp 95 tesar mot avlatshandelen på kyrkjedøra i Wittenberg og utløyste dermed reformasjonen. I år blir reformasjonsjubileet markert over heile verda, og det er også hovudgrunnen til at vi har valt kyrkje og kristenliv som tema for denne årboka.

Harald Tafjord tek i opningsartikkelen steget heilt attende til tida då kristendommen vart innførd her i landet. Han tek mellom anna opp kulturkontakten som førte den nye trua til bygdene våre og drøftar tida det tok før kristendommen slo rot. Ikkje minst tek han for seg den fyrste kyrkjebygginga i Sogn og kva følgjer den nye trua fekk også på andre samfunnsområde.

Harald J. Krøvel tek så for seg reformasjonen i Sogn. Her skildrar han Bergen som innfallsport for den nye trusretninga, fortel om sogningane som deltok i reformasjonskampen og korleis dei nye, religiøse påboda endra bygdene våre. Men han legg og vekt på stabiliteten, etter brotet med den katolske kyrkja. Det tek tid å endra mentalitet, skikkar og religiøse haldningar.

Aage Engesæter har studert eit eineståande kjeldeskrift, prost Niels Griis Alstrup Dahl si registrering av kulturminne i kyrkjene i Ytre Sogn i 1824. Rapporten til prost Dahl er eit viktig pionerarbeid, der vi både blir kjende med hans eigne vurderingar og med kyrkjer og gjenstandar som ikkje lenger finst.

I tillegg til reformasjonsjubileet er det også lokale kyrkje jubileum dette året som blir markerte i årboka. Stedje kyrkje i Sogndal vart bygd i 1867, og Inger Pedersen skriv i høve 150-årsjubileet om kyrkjene på Stedje fram gjennom tidene, med hovudvekt på debatten rundt rivinga av Stedje stavkyrkje og bygginga av ny kyrkje. Det er i sanning ei fargerik og dramatisk soge.

Ein av dei samtidige debattantane rundt riving eller bevaring av dei gamle stavkyrkjene var forfattaren, målmannen og næringslivsmannen Henrik Krohn i Sogndal. I boka Smaakvæde frå 1867 har han to kyrkjedikt som får plass i årboka vår. «Ved nedrivingi av Stedje Stavkyrkja» er eit sterkt kampdikt mot riving, medan målmannen Krohn står svært tydeleg fram i diktet «Borgund Kyrkja».

Susanna Lomheim Solem markerer at det i år er 200 år sidan lesarhovdingen Erik Venjum vart fødd. I artikkelen sin fortel Solem korleis haugianarrørsla og Erik Venjum var med og endra Hafslo i andre halvdelen av 1800-talet.
Der drykk og «ryggesløshed» før dominerte, vart dei mange kristelege laga og foreiningane no det fremste kjenneteiknet. Sivert V. Ulness vigde sitt liv og virke til den frikyrkjelege pentekostalismen. Inge Bjørnevoll fortel om livet hans frå Sogndal til USA, og attende til Sogn. I Sogndal fekk han bygt bedehuset Zion, den fyrste «frikyrkja» i Sogn, og i Vik starta han den fyrste frie metodistkyrkja i Noreg.

Under koret i Undredal kyrkje ligg det ein stein der det er hogge inn nokre runeteikn. Torill M. Domaas tolkar i sin artikkel denne runeinnskrifta opp mot kunnskapen om samfunnet på 1100-talet som grunngjeving 'for ei ny datering av kva tid kyrkja vart bygd.

I den siste artikkelen i denne årboka tek Hermund Kleppa til orde for at det bør setjast i gang eit stort bedehusprosjekt i Sogn og Fjordane. Han har skrive fleire korte artiklar om emnet, og gjennom dette arbeidet har han sett kor lite denne soga er dokumentert. Artikkelen gjev ei god innføring i temaet, og ideen om ei samlande soge er lansert!

Til slutt i årboka trykkjer vi årsmelding 2016 for De Heibergske Samlinger — Sogn Folkemuseum, og gjev nokre fotoglimt frå aktiviteten på museet i 2017.

Med andre ord: Her er lesestoff om kyrkjer og kyrkje-gjenstandar, prestar og prostar, predikantar og bedehus, og om samfunnet i Sogn gjennom tusen år og meire til. Ikkje minst er boka full av vakre bilete, lagt til rette av Lars Asle Vold.

God lesnad!

Anna Jorunn Avdem
— redaktør —