Årbok for Sogn 2016

Årbok for Sogn 2016

Velkomne til årboka!

Denne årboka handlar om jordbruket, sjølve Modernæringa.
Jordbruket gjev oss ikkje berre dagleg brød, men har også definert grunntrekka ved samfunnet vårt sidan forfedrane og formødrene våre tok til å dyrka jorda og bli bufaste. Ordet bonde kjem da og av det gammalnorske büandi, fastbuande.

Årboka spenner frå mellomalderen og fram til vår eiga tid. Vi set stor pris på at tre av forfattarane av fylkessoga for Sogn og Fjordane har skrive artiklar om jordbruket i «sin» periode.
Fylkessoga blir utgjeven neste år, så her serverer vi rykande ferske og fagleg godt funderte artiklar — i kronologisk rekkefølgje.

Harald Endre Tafjord tek for seg jordbruket i Sogn i mellomalderen. Han viser korleis naturressursane vart nytta gjennom skiftande tider og skapte ulike former for jordbruk, busetnad og samfunn. Ikkje minst er den dramatiske soga om Svartedauden fascinerande lesnad.

Øivind Berntzen Armann held seg også i mellomalderen og grunngjev kvifor han meiner levestandarden på fjellgardane var minst like god som på andre gardar. Artikkelen er ei viktig påminning i ei tid der dei fleste høgdegardane er fråflytte, importen aukar og rike utmarksressursar rett og slett ikkje blir nytta.

Jan Anders Timberlid har studert tida frå ca. 1750 til 1875, eit hundreår da folketalet i Sogn vart dobla, men primærnæringane likevel gav levebrød til dei fleste. Han stiller spørsmål om dette førte til økologisk krise, og han drøftar også kva dette førte til av endringar både i jordbruket og sosiale forhold.

Aage Engesæter har nytta eit unikt kjeldemateriale i artikkelen om kosthald og levekår hjå fattigfolk i Sogndal i 1840-åra. Det er gripande å koma så tett innpå fire fattige familiar, og kontrasten blir skrikande når Engesæter samanliknar kva innsats dei måtte yta for å skaffa seg mat og klede, samanlikna med det vi gjer i dag.

Oddmund L. Hoel drøfter brytingane mellom tradisjonelt sjølvforsyningsjordbruk og moderne marknadsjordbruk frå slutten av 1800-talet og fram til andre verdskrigen. Mange var opptekne av at samfunnsendringane gjekk seint i Sogn, men artikkelen viser at biletet er meir samansett enn som så.

Eivind Brendehaug og Carlo Aall tek så opp eit par av dei dagsaktuelle utfordringane for jordbruket på Vestlandet. Klimaendringane er tydelege, og det er også endringane i politiske rammevilkår. Dei to forskarane peikar likevel på moglege utviklingsliner som kan gjera at Vestlandsjordbruket kan stå sterkt gjennom utfordringane.
Landbrukspolitikk var også tema for seminaret Vårt daglege brød som museet arrangerte i haust. Seminaret var ein del av arbeidet med den nye jordbruksutstillinga på museet og gav nyttige innspel til denne. Både utstillinga og seminaret blir presentert i ein eigen artikkel

Inger Lyngstad tek opp eit heilt anna tema, nemleg ei gammal dør i Styvi i Nærøyfjorden. Døra har motiv frå eit Shakespeare-skodespel, og artikkelen gjev ikkje sikkert svar på kvifor og korleis ho har fått det. Men soga om døra i Styvi er så spennande som berre historie kan vera!

Årboka blir avrunda med Franziska Kraus si skildring av opninga av Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand.

Deretter kan du, kjære lesar, studera fotoglimt frå året 2016 på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum og setja deg inn i 2015- årsmeldinga for museet.

Fotografia er tekne av fleire medarbeidarar på museet, med biletredaktør Lars Asle Vold i spissen.

God lesnad!

Anna Jorunn Avdem

— redaktør —