Årbok 2015

Årbok for Sogn 2015


Velkomne til årboka!

Årbok for Sogn 2015 er ein frodig salat der ingrediensane er mat og klede, skulesoger og andre soger som gjev både lange liner og korte tilbakeblikk.

Side 8:
Olav Johan Ellingsen og Bjørg Fritsvold opnar boka med ein fyldig artikkel om ein livskraftig og dagsaktuell hundreåring, Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Artikkelen peikar fram mot 100-årsjubileet i 2017, men er også ei feiring av at skulen nok ein gong kom seg heilskinna og styrkt unna nedleggingsspøkelset. Framtida treng denne skulen og kunnskapen om økologisk matproduksjon som blir formidla her.

Side 26:
Per Jørgen Loen skriv også skulesoge, om den tradisjonsrike husmorskulen i Kroken og seinare på Hafslo, og kva han har hatt å seia for utviklinga av kosthald og helse i Sognebygdene. Loen gjev fargerike glimt inn i ei soge som er viktig for langt fleire enn dei som gjekk på skulen.

Side 40
Mange kan nok også nikka gjenkjennande til Gry Tokvam si skildring av endringane i kosthaldet vårt. Basert både på eigne opplevingar og brei fagkunnskap trekkjer ho linene frå det tradisjonelle naturalhushaldet med vassgraut og flatbrød til dagens globale matfat med taco og sushi.

Side 62
Jan Anders Timberlid tek for seg kosthaldet i ein kortare periode, dei fem åra under andre verdskrigen. Med materiale frå Høyanger skildrar han knappheit på mat og strevet for å skaffa dagleg brød i harde tider. Tankevekkande er også vurderingane hans av matvanane frå krigsåra.

Side 72 og side 76
Bjørg Hovland har skrive to artiklar om tekstilar og handverkstradisjonar. Den fyrste er ei fantastisk soge om ein namneduk som vart med over havet til USA. Med sin breie lokalkunnskap greier Bjørg Hovland likevel å leita fram opphavet og mykje av soga til duken.
Bjørg Hovland skriv også om Sogn Bunadnettverk og korleis dei formidlar den tekstile kulturarven på handarbeidskafeen på museet. Sognevotten, som har fått ein eigen liten artikkel, var tema på kafeen no i haust.

Side 82
Anna Jorunn Avdem - Sognevotten, ein vakker 77-åring

Side 88
1 1939 skreiv Gert Falch Heiberg artikkelen Inventar på en storgård i Sogn i 1600-talet, der han mellom anna omtalar Gjøde Pedersen og brannkjellaren som den dag i dag står på Kaupanger Hovudgard.

Side 96
Dette var også emne for Christoffer Knagenhjelm si omvising på kulturdagen i Kaupanger i august. No kan også dei som ikkje var med på kulturdagen få vita meir om både den segnomsuste Gjøde Pedersen og den forunderlege, gamle brannkjellaren.

Side 102
Mot slutten av årboka tek vi for oss museumssoga og kvardagen på museet: Basert på årbøker og andre sogeskrift viser vi glimt frå livet på vårt eige museum for hundre år sidan.

Tradisjonen tru trykkjer vi fjorårets årsmelding for De Heibergske Samlinger — Sogn Folkemuseum, og året 2015 skildrar vi gjennom fotografi frå små og store hendingar.

Boka er med dette servert. Innhaldet høyrer dagleglivet til og er for ein kvar smak. Eg takkar alle forfattarane, biletredaktør Lars Asle Vold og andre gode hjelparar for samarbeidet. Saman ynskjer vi dykk alle god appetitt!

Anna Jorunn Avdem
— redaktør —