Eventyrskogen

Aktivitetar for borna

Forutan ein "vanleg" leikeplass, med enkle leikeapparat, gamaldagse stylter, og ekte laftetømmer, slik at ein kan byggja seg eit eige tømmerhus, har museet ein flott naturleikeplass i skogen nedanfor hovudbygningen.

Her har vi lagt til rette for ulike former for leik i naturen. Ein kan klatra og huska, eller finna seg ein fredeleg plett for rolegare syslar. Det er spennande i skogen!

I tilknyting til naturleikeplassen er det også ei spennande naturleikeløype for borna!.
Les meir om naturløypene her

Har du lyst til å saga ved? Eller vil du gjerne prøva korleis det var å bera vatn medvass-sele? Dette er aktivitetar du kan få prøva på museet.Om du vil, kan du også hoppa i høyet i løa vår.

Museet har to spesialutstillingar for born og unge. Den eine heiter "Då oldemor var liti", og syner leiker og barneaktivitetar frå tidleg 1900-tal.Her kan borna også få prøva seg på ymse gamle spel og leiker.

Den andre utstillinga heiter "Unge sogningar 2000", vart laga av born i samband med tusenårsskiftet og syner kva born og unge omga seg med og dreiv med då.

Alt i alt gir utstillingane på museet eit breitt bilete av korleis sogningar har levd.

Naturløyper