Årbok for Sogn 2012

Årbok for Sogn 2012

Til lesarane

Korleis kledde kvinnene i Sogn seg på 1970-talet, og karane på 1800-talet? Dette er noko av det vi får svar på i fleire artiklar om klede og tekstilar i denne utgåva av Årbok for Sogn.

Den eine av desse artiklane handlar om arbeidet med å rekonstruere ein mannsbunad for Sogn. Forfattaren av artikkelen, Inger Øyre, utførte dette arbeidet i lag med Gunvor Urheim i første halvdelen av 1980-talet. Artikkelen gir ein god dokumentasjon av denne prosessen fram til materialet vart lagt fram til godkjenning hjå Landsnemnda for bunadsspørsmål i 1985.

Inger Øyre har også skrive ein artikkel om skinnbroka frå Aurland, som kom til museet i 1904. Denne artikkelen er eit resultat av at ho, etter førespurnad frå museet, teikna mønsteret til denne skinnbroka. Slik fekk museet høve til å få broka analysert og dokumentert. Korleis denne buksa kom til museet er ei artig historie i seg sjølv, som òg er å lese i artikkelen.

Det arbeidet som vart gjort då skinnbroka i si tid vart sydd, viser at krav om kvalitet og flid i arbeidet var viktige normer i tidlegare tider. I tillegg la dei ned mykje arbeid i pynt og dekor på plagga. Ein av dei mange dekorteknikkane som har tradisjon i Sogn, er applikasjon med leggsaum. Den vart brukt som pynt på t.d. dos og forkle, barnehuver og bringedukar, skriv Bjørg Hovland i artikkelen sin.

Hege-Beathe Weum-Andersen har forska på klesmotane i Sogn på 1970-talet og gir eit interessant tilbakeblikk på denne tida. Eit sentralt spørsmål i undersøkinga er om moten i Sogn var i samsvar med moten slik den kom til uttrykk mellom anna i ulike vekeblad.

Eit anna forskingsarbeid med tema frå Sogn er Ragnhild Anderson si undersøking av sogndalsdialekten. Ho skreiv ein artikkel om det same emnet i årboka for 2001, og med denne oppfølgjande artikkelen prøver ho å finne svar på om det har skjedd ei endring i sogndalsdialekten, kven eller kva det i så fall er som påverkar endringane, og kven som fyrst opp nye trekk.

To av artiklane i årboka er resultat av forskingsprosjekt knytt til museet. I eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum har forfattarane sett nærare på gardsbruket Eide i Sogndal, som i år 2000 vart overteke av museet. Målet med dette forskingsprosjektet var å finne ut korleis folk har livberga seg på dette småbruket mellom fjorden og skogen, ved å sjå på næringskombinasjonar og korleis bruket har vore drive.

Den andre artikkelen er basert på eitt av bidraga i eit forskingsprosjekt der museet og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har analysert si eiga verksemd, spesielt i høve innsamling og formidling. Målet har vore å klarleggje kva bilete desse institusjonane gir av historia, og Aage Engesæter har i denne artikkelen analysert verksemda ved museet i pionertida tidleg på 1900-talet.

Neste år er det fleire jubileum som skal markerast i Sogn og Fjordane. Vi er litt på forskott i høve eitt av desse jubilea med ein artikkel om Fritjovstatuen på Vangsnes. I 2013 er det hundre år sidan den gigantiske statuen blei avduka på Vangsnes. Jan Peter Talsethagen fortel meir om denne historia med nokre av sine mange postkort som illustrasjonar.

Få kommunar kan vise til vernearbeid på nivå med det som er gjort for å ta vare på gamle Lærdalsøyri i Lærdal. Dette arbeidet er karakterisert som eit førebilete for bevaringsarbeid i tettstader i Noreg, slik det er gjennomført i fleire tiår og nedfelt i dokumentasjon og planar. Den som skal ha mykje av æra for dette arbeidet, er arkitekt Claus Lindstrøm. Hallvard Trohaug gir oss med sin artikkel ei god innsikt i denne historia.

Aud Ross Solberg

Redaktør

Innhald:

1. Mannsbunad for Sogn, av Inger Øyre

2. Skinnbroki frå Vassbygdi i Aurland, DHS nr. 353, av Inger Øyre

3. Applikasjon med leggsaum. Gamal dekor med tradisjon i Sogn, av Bjørg Hovland

4. Klede og moter i Sogn på 1970-tallet. En komparativ mikrostudie av mote nasjonalt og lokalt 1970-79, av Hege –Beathe Weum-Anderssen

5. Eit folkemuseum sine røter. Gjert Falch Heiberg og De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, av Aage Engesæter

6. Eidet, eit småbruk mellom fjorden og skogen: gardsdrift og mangesysleri, av Aage Engesæter, Liv Byrkjeland, Marie Pettersson, Ingvild Austad og Leif Hauge

7. Fritjof den Frøkne og Kong Bele, av Jan Peter Talsethagen

8. Sogndalsdialekten fyrst på 2000-talet, av Ragnhild Andersson

9. Arkitekt Claus Lindstrøm og bevaringa av gamle Lærdalsøyri, av Hallvard Trohaug

10. Årsmelding 2011