Årbok for Sogn 2011

Årbok for Sogn 2011

Til lesarane

I samband med at museet opna ei ny utstilling i mars dette året, Ei tru med alt, arrangerte vi eit nasjonalt seminar med tittelen Det er meir mellom himmel og jord. Føredragshaldarane, som er av dei fremste i landet på sine felt, «trollbatt» deltakarane med interessante foredrag om folketru og folkemedisin, vernemagi og klarsyn, dekor og symbolbruk. Vi har fått nokre av dei til å formidle foredraga sine gjennom artiklar i årboka.
 
I innleiingsartikkelen, skriven av Anna Jorunn Avdem, får vi eit breitt oversyn over hus og gjenstandar på museet med tilknyting til folketru og folkemedisin. De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er faktisk av dei musea i landet som har størst samling av slike gjenstandar. Mange av desse har ei spennande og fasinerande historie.   
Velle Espeland har studert og analysert fem unike svartbøker frå Sogn, som er i museet sitt eige. Mange har høyrt om svartebøker, men dei færraste kjenner til kva som eigentleg er skrive i dei. I denne artikkelen får vi innblikk i innhaldet i svartbøkene og kva for ulike føremål dei kunne ha.
 
Å glede seg over det vakre er ein universell trong som ligg i oss alle, seier forskarane. Til alle tider har menneska vore opptekne av å dekorere gjenstandar dei har omgjeve seg med. Dekor som kors, sirklar, åttebladroser og andre figurar som vi kjenner att frå tekstilar, trearbeid og andre gjenstandar på museet, har ofte ei djupare meining enn berre å vere dekor. Dette fortel Åsta Østmo Kostveit meir om i sin artikkel om dekor og symbol.

Dekor og symbol er også ein viktig del av Huldreduken i Ve i Årdal, eit tekstilklenodium frå mellomalderen. Siri Benjaminsen har engasjert seg i denne duken med stor entusiasme, og i årboka fortel ho om duken og noko av arbeidet sitt med han.  

I samband med at 2011 er FN sitt internasjonale skogsår, har vi valt å fokusere på skog og kulturlandskap som det andre aktuelle temaet i årboka i år.
Gjert Heiberg, tidlegare skogbrukssjef i indre Sogn, kjenner skogane i Sogn betre enn dei fleste. Undrar du til dømes på om granskog finst naturleg her i Sogn, får du svar på dette i artikkelen hans om skogreisinga i Sogn.

Ei anna verksemd som også har samband med skogsdrift er løypestrengen, som ein endå kunne sjå nedetter fjellsidene i Sogn for eit halvt hundre år sidan. Det er lite som er skrive og dokumentert om denne viktige og nyttige, tekniske innrettinga som mellom anna vart nytta til frakt av tømmer og mjølkespann frå utmarka. Knut Andreas Hågvar gir ein grundig dokumentasjon av denne verksemda.

Store endringar har skjedd med kulturlandskapet på friluftsmuseet på Vestreim frå ein begynte å rydde furuskog på 1970-talet og fram til i dag. Marie Pettersson skildrar utviklinga frå furuskog til urterike slåtteenger og beitemarker på friluftsmuseet.
I tillegg til dei to hovudemna har vi også nokre uavhengige artiklar med ulike emne.
Den eine er eit studium av smijarnsbeslag på dører frå gamle kyrkjer i indre-Sogn, av Torill Thømt. Ho gir eit grundig innsyn i likskap og skilnad mellom beslaga her og på kyrkjer andre stader i landet.  

Korleis stod det til med lesekunna før i tida? Arne Apelseth har studert eit gamalt sjeleregister frå Jostedalen som kjelde til å vurdere lesekunne og boksamlingar hjå jostedølene på midten av 1700-talet. Han syner at lesekunna kanskje var meir utbreidd på denne tida enn ein tidlegare har trudd.  

Visste du at lærdølene har vore kjende for sitt voldsomme gemytt, knivbruk og sognehyl? Slik vart i alle høve Andris Ljosne og fleire med han skildra, då dei saman med kaptein Wilhelm Jürgensen storma fram mot svenskane våren 1808. Meir om denne særmerkte majoren og kompaniet hans kan du lese i artikkelen om Wilhelm Jürgensen og lærdølene, av Einar Holst-Throne.

Til slutt gir vi eit innblikk i museet si verksemd førre året, gjennom Årsmelding for 2010.

Aud Ross Solberg
Redaktør

 

INNHALD

1.    Ei tru med alt. Spor etter gammal folketru i De Heibergske Samlinger –
Sogn Folkemuseum, av Anna Jorunn Avdem

2.    Svartebøker frå Sogn, av Velle Espeland

3.    Symbol og dekor- meining og funksjon, av Åsta Østmoe Kostveit

4.    Huldreduken i Ve. Eit tekstilklenodium frå middelalderen, av Siri Benjaminsen

5.    Skogreisingen i Sogn, av Gjert Heiberg

6.    Løypestrengen. Teknisk nyvinning og kulturhistorie frå vår nære fortid,
av Knut Andreas Hågvar

7.    Frå furuskog til urterike slåtteenger og beitemarker, av Marie Pettersson

8.    Beslag fra stavkirker i Sogn, av Torill Thømt

9.    Den eldre lesekunna og kjeldene. Eit døme frå Indre Sogn, av Arne Apelseth

10.  Om major Wilhelm Jürgensen, av Einar Throne-Holst

11.  Årsmelding 2010