Årbok for Sogn 2010

Årbok for Sogn 2010

Til lesarane

Heim og heimeinnreiing har vore eit sentralt interesse­felt for museet sidan det vart grunnlagt for vel hundreår sidan. Hus og bygningar på friluftsmuseet gir innblikk i bu- og byggeskikk i det førindustrielle bondesamfunnet, og vi har også hus som syner korleis folk har budd og innreidd husa sine i nyare tid. Likevel er det område og periodar som er lite dokumenterte. Det gjeld mel­lom anna byggeskikk og heimeinnreiing fråslutten av 1800-talet og i første delen av 1900-talet. l år har vi sett i gang eit prosjekt med å dokumentere ulike hus og heimar frå denne perioden, og i denne utgåva av Årbok for Sogn presenterer vi fleire artiklar som tek føre seg ulike sider av dette emnet.

Gjennom to artiklar får vi innsikt i dei ulike fasane i arbeidsprosessen med husbygging, slik arbeidet gjekk føre seg i førindustriell tid og framover på 1900-talet, og vi blir presenterte for ein bygningsmann som hadde første del av yrkeskarrieren sin i denne perioden.
Sjølv om dei fleste hus i hovudsak var bygde av byggherren sjølv og lokale handverkarar, fanst det firma som leverte ferdighus alt på slutten av 1800-talet. Døme påslike hus i Sogn kan du lese meir om i boka.

Korleis utforma og innreidde folk husa sine, og korleis levde dei der? Vi har prøvd å finne ut korleis ein heim i Sogndalsfjøra kunne sjå ut på slutten av 1800-talet og korleis den utvikla seg utover 1900-talet. Vi har også dokumentasjon av fargebruken i eit våningshus i Luster frå same tida. Tre artiklar gjev innblikk i liv og levnad i hus og heim. Vi kan lesa om livet hjå Miss Abbot i dragestil-huset hennar i Balestrand, på Døsen i Luster og på ein lustragard meir allment. Frå Luster har vi også med ein presentasjon av fleire eldre dokkehus som enno finst i bygda.

Årboka gjev også innsyn i heim og heimeinnreiing i vår eiga tid, gjennom artikkelen «Hjemmet i skjæringspunk­tet mellom det lokale og globale.» Artikkelen er basert på intervju med fem relativt nyetablerte familiar frå ulike bygder i Sogn, og han er resultat av forskingsprosjektet «På sporet av den tapte samtid,» som museet tok del i frå 2006-2009, saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I dei to siste artiklane set vi fokus på to av dei mange gjenstandane påmuseet, ein dansemann og ei øskje med medisinsk utstyr. Dansemannen vart «oppdaga» av for­skarar tidlegare i år som ein svært unik gjenstand, og han har vore på reise for å bli studert og konservert.
Øskja med medisinsk utstyr viste seg også å ha ein spanande for­historie, l årboka finn du meir stoff både om dansemannen og om historia som ligg bak øskja med medisinutstyr.

Aud Ross Solberg
Redaktør

Innhald

1.   Husbygging langs Sognefjorden 1850 - 1950, av Britt Alise Hjelmeland

2.   Bygningsarbeid på 1900-tallet - Historien om en bygningsmann, av Britt Alise Hjelmeland

3.   Sal av ferdighus frå slutten av 1800-talet, av Mary Ann Menes

4.   Ein heim i Sogndalsfjøra frå slutten av 1800-talet, av Aud Ross Solberg

5.   Fargedokumentasjon av eit våningshus på Veum Søndre i Luster, av Hege-Beate Weum Andersen

6.   Dokkehus i Luster, av Bjørg Hovland

7.   Hjemmet i skjæringspunktet mellom lokale og globale strømninger, av Marit Eide Utheim og Olav Mjaatvedt

8.   Abbothagen eller Villa Balderslund, av Mary Ann Menes

9.   Livet på Døsen for hundre år sidan, av Tuss Hagenrud

10. Livet på ein lustragard for hundre år sidan, av Terje Mikael Hasle Joranger

11. Dansemannen på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, av Elisabeth Kværme

12. Skattejakt på museet, av Helge Willy Røed

13. Årsmelding