Årbok for Sogn 2009

Årbok for Sogn 2009

 Til lesarane

I 2009 var det hundre år sidan godseigaren og samlaren Gert Falch Heiberg gav samlinga si av hus og gjenstandar til det nyskipa Historielaget for Sogn. Dette vart starten på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. I årboka markerte vi jubileet med å sjå tilbake på museet gjennom desse hundre åra.

Vi har valt å ta med fleire eldre artiklar, som har vore trykte i årboka og andre publikasjonar tidlegare. Her er såleis artiklar både av grunnleggjaren G. F. Heiberg, av etterfølgjaren hans, Svein Vold, og av den tredje styraren ved museet, Olav Aaraas. Andre er skrivne av kulturpersonar som riksantikvar Harry Fett, direktør ved Bergen Museum, Håkon Shetelig, og medisinalhistorikar Ingjald Reichborn-Kjennerud. Alle desse hadde stor innverknad på sine felt i samtida, og dei var gode vener av Heiberg og museet.

Men årboka har også nokre nye artiklar. Direktøren ved museet, Aage Engesæter, har skrive ein artikkel som gir glimt frå museet si historie frå byrjinga til i dag. I ein annan artikkel gjev same forfattaren innblikk i målstriden rundt grunnlegginga av museet.

Mari Husabø har vitja ho Oddlaug og han Anders, to av veteranane ved museet, og dei fortel om nokre av minna sine frå dei mange åra sine som tilsette ved museet. Også Johs. B. Thue ser tilbake på gode minne frå museet i artikkelen Museumsminne.

Gjennom to artiklar får vi innblikk i G. F. Heiberg sine samlarferder. På desse reisene kom han i kontakt med mange ulike personar, både i og utanfor Sogn. I denne årboka får vi møte to av desse, Else Nitter frå det kondisjonerte miljøet i Dale i Sunnfjord, og husmannen Beint Berge frå Fjærland. Desse får stå som representantar for dei mange som har gitt bidrag til museet sine samlingar gjennom museet si hundreårige historie.

Aud Ross Solberg

Redaktør

Innhald

1. De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum 1909 – 2009, Eit streif gjennom 100 års museumssoge, av Aage Engesæter

2. Målstriden og Historielaget for Sogn, av Aage Engesæter

3. Ei ferd til museet i Amble, av Jens Kvåle

4. De Heibergske Samlinger, av Gert Falch Heiberg

5. Glytt frå Sogn Folkemuseum, av Svein Vold

6. Tale ved 25-års jubileet for De Heiberske Samlinger i Sogn, av Harry Fett

7. Slekti fylgjer deg! Av Svein Vold

8. Til Amble, av Håkon Shetelig

9. Folkemedisin i G. F. Heibergs samlinger, av Ingjald Reichborn-Kjennerud

10. En hyllest til skapende trang i Sunnfjords bygder, av Erling Nitter

11. Celebert museumsbesøk, av Else Nitter

12. Prosjekt «Stella 1987» – Samtidsdokumentasjon ved De Heibergske Samlinger, av Olav Aaraas

13. Ho Oddlaug og han Anders. To veteranar fortel, av Mari Husabø

14. Beint Berge, av Noralv Distad

15. Museumsminne, av Johs. B. Thue

16. Årsmelding…

17. Friluftsmuseet, ei fotografisk vandring med Lars Asle Vold