Årbok 2008

Årbok for Sogn 2008

Til lesarane

l år har poteta fått mykje merksemd, etter at FN-organisasjonen FAO peikte ut året 2008 til poteta sitt år. Poteta, har ei lang historie her i landet, og saman med silda har ho berga befolkninga frå svolt og elende i dårlege tider og uår. l årboka vil også vi ære poteta, med ein omfattande artikkel om poteter og potetdyrking i Sogn, frå dei første knollane kom til Sogn for ca 250 år sidan.

Vi markerer også eit anna jubileum, at Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane fyller 150 år. l høve dette jubileet har vi med tre artiklar som på ulikt vis omhandlar båtar og ferdsle på fjorden. Den eine artikkelen presenterer eit utval av prospektkort med motiv av båtar og ferjer som har tilhøyrt Fylkesbaatane. l den andre artikkelen følgjer vi fartøyet D/S «Stavenes» sin lagnad frå den vart sett i rute i 1904, til den i dag ligg på Stord og ventar på å bli verna og teken i bruk att. Vi har og ein artikkel om Sogn Fjordmuseum, og kva du kan sjå der, og om planar for museet for framtida.

Eit anna tema i boka er lovgjeving og lovbrot i tidlegare tider. Korleis var rettssystemet, kva lover måtte ein halde seg til og kva straff fekk ein ved lovbrot? Dette er nokre av spørsmåla vi får svar på i to artiklar, der den eine handlar om den rettslege og politiske arven frå Gula-tinget og Gulatingslova i mellomalderen, og den andre om slagsmål og slarv på bygdetinget i Gulen på 16- og 1700-talet.

l tillegg til dei tre nemnde tema, har vi fleire artiklar om andre interessante emne. Ein av forfattarane stiller spørsmål om det ikkje var like godt å bu på høgdegardane i indre Luster som på gardane nede i bygda. Ein annan artikkel gir eit oversyn over dei imponerande hovud-bunadene som kvinnene i Sogn brukte til kvardag og fest den tid ein måtte ha noko på hovudet.

Vi har og ein artikkel som fortel om livet til Einar Førde, og vi kan lese om stiftsstøtta på Filefjell, som er sett opp til minne om dei som bygde vegen mellom aust- og Vestlandet, sist på 1700-talet.

Aud Ross Solberg

Redaktør

Innhald:

1. Poteter og potetdyrking i Sogn, av Gudmund Balvoll.

2. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 150 år, av Jan Peter Talsethagen

3. D/S «Stavenes» - eit samferdslehistorisk kulturminne, av Hallstein Ese

4. Sogn Fjordmuseum, Utstillingsvindauget for fjordkulturen, av Aage Engesæter

5. Høgdegardar - ein god stad å bu? Ei undersøking omkring høgdegardar kring indre delar av Lusterfjorden, av Kari Ødegård

6. Hovudbunad for kvinner i Sogn, av Bjørg G. Hovland

7. Den politiske og rettslige arven fra Gulatinget og Gulatingsloven, av Knut Helle

8. Gode grannar? Om slagsmål og slarv på bygdetinget i Gulen på 16- og 1700-talet, av John Ragnar Myking

9. Einar Førde, av Johan Hagen

10. Marmor til fjells, av Helge Haugen

Årsmelding 2007