Årbok for Sogn 2007

Årbok for Sogn 2007

 Til lesarane

l 2007 vart Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand konsolidert med De Heibergske Samlinger —Sogn Folkemuseum. Framlegg om eit norsk reiselivsmuseum vart første gong teke opp i reiselivskrinsar i 1980, og i 1987 kom det framlegg om å knyte reiselivsmuseet til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Men det skulle gå tjue år før dette vart ein realitet. Som ei markering av samanslåinga av desse to musea synest vi det høver godt å velje reiseliv som tema for årboka i år.

Vi har fått tre artiklar frå reiselivsmuseet. Dei gir ei grundig framstilling av bakgrunnen for reiselivsmuseet, og vi vert kjent med museumsbygningane på kaien i Balestrand, kva dei har vore brukt til og kven som har budd der gjennom tidene.

Deretter kjem ei rekke artiklar som omhandlar reiseliv frå ulike vinklar. Agnes Brudvik Engeset skriv om då masseturismen starta for alvor i Sogn på slutten av 1800-talet. Med reiseskildringar som kjelde formidlar ho turistane sine inntrykk og opplevingar.

Med den store auken i turismen voks reiselivsnæringa fram som ei ny og ekspanderande næring, og den første turistforeininga i fylket, Sogns Turistforening, vart skipa i 1892.

Dette har Snorre D. Øvrebø sett nærare på. Fleire av artiklane omhandlar kjente eller ukjente personar på reise i Sogn. Hans Thyri har skrive om Edvard Griegs fjellferder i Indre Sogn, ein artikkel som også markerer at det er hundre år sidan Grieg døydde. Hermund Kleppa skriv om kong Olav sine reiser i fylket, og Henning Rivedal gir ei fornøyeleg skildring av ei friidrettsreise i fylket for femti år sidan.

Jan Petter Talsethagen viser utviklinga av turiststaden Balestrand gjennom eit utval av postkort frå den store postkortsamlinga si. Han fortel og ei artig historie om eit engelsk par som var på reise i Indre Sogn i 1938.

Engelske laksefiskarar var av dei første turistane som kom til Sogn. Lærdalselvi, kjend som dronninga blant sportselvane i landet, drog laksefiskarar til Lærdal frå midten av 1800-talet. Også cruiseskipa, eller dei flytande hotella som dei vart kalla, har vore årvisse til fjordane sidan slutten av 1800-tallet. Men det er kanskje mindre kjent at Årdal var eit populært mål for cruiseskipa i 1930-åra.

l dag er det først og fremst Flåm som er den store magneten for cruiseskipa, med fjordstrekninga Flåm — Gudvangen som Noregs største fjordcruisestrekning. Med Nærøyfjorden på UNESCO si verdsarvliste er det ingen grunn til å tru at denne strekninga vil bli mindre populær i framtida, l årboka kan du lese meir om Flåm og Nærøyfjorden som turiststader i tidlegare tider og utfordringar dei møter i notida.

Redaktør
Aud Ross Solberg

 Innhald

1. Norsk Reiselivsmuseum, av Inger Marie von der Lippe

2. Norsk Reiselivsmuseum og husa på kaien i Balestrand, av Mary Ann Menes og Inger Marie von der Lippe

3. Reiseliv - kva tyder eigentleg omgrepa reiseliv, turisme og turist? Av Mary Ann Menes

4. Norge - ein forstad til Berlin, av Agnes Brudvik Engeset

5. Villmarksliv i norske fjell (utdrag), av Francis M. Wyndham

6. Den første turistforeininga i Sogn og Fjordane, av Snorre D. Øverbø

7. Kva kan postkort fortelja om turiststaden Balestrand? Av Jan Peter Talsethagen

8. Mr & Mrs Parriss på tur i Indre Sogn

9. Engelske laksefiskarar i Lærdal, av Kåre Hovland

10. HM kong Olav V i Sogn og Fjordane, av Hermund Kleppa

11. Cruiseskip til Årdal i 1930-åra, av Oddvar Natvik

12. Ei friidrettsreise i 1957, av Henning Rivedal

13. Med Edvard Grieg på fjellferd i Indre Sogn, av Hans H. Thyri

14. Framveksten av reiselivet i Flåm, av Noralv Distad

15. Til fots i Norge for hundre år sidan, av W. M. Williams

16. Nærøyfjorden Verdsarvpark, av Ivar-Bjarne Underdal

17. Kvifor bytte ikkje sogningane ut råseglet med bomsegl? Av Øystein Færøyvik

18. Anders Ohnstad 1911-2007, av Aage Engesæter

19. Spøt midt i veka, av Anna Jorunn Avdem

20. Kort årsmelding frå De Heibergske Samlinger —Sogn Folkemuseum

21. Gamle postkort frå Sogn