Årbok for Sogn 2006

Til lesarane

Femten artiklar fekk vi plass til i årboka i år. Nær halvparten av artiklane høyrertil under hovudtemaet, kulturmøte. Utgangspunktet for val av tema er tilflyttinga og innvandringa til Sogn, i både nyare og eldre tid.

l dei siste tiara har flykt-ningar og asylsøkjarar frå delar av verda med krig og ufred, komme til Sogn. Nokre for kortare periodar, andre har fått sin nye heimstad her.

Mørkhuda personar og kvinner med slør og side, flagrande kjolar er med å prege gatebiletet i sognebygdene. Korleis lever dei her? Trivst dei? Korleis vert dei mottekne? Kva tykkjer dei om vår kultur?

Mange spørsmål stiller vi oss om desse nye medborgarane våre - og nokre svar får vi ved å lese historia til Fatima frå Bosnia, Justin frå Rwanda og dei muslimske kvinnene Kadrye frå Irak, Aesha frå Bagdad og Mina frå Tsjetsjenia.

l tillegg til desse, er det og andre grupper som er sterkt representerte blant nye innflyttarar. Spesielt mange tyskar-ar og nederlendarar har slått seg til her. Dette er ofte personår som ønskjer å oppfylle draumen om eit avstressande liv på den norske landsbygda, i nær kontakt med vakker natur og norsk kultur. Barbara og Jochen, som har kjøpt seg ein husmannsplass i Fjærland, er våre representantar for denne gruppa.

Kulturmøte, gjennom reising og innvandring, høyrer også fortida til. På 1600- og 1700-talet kom det mange by-borgarfamiliartil Sogn frå utlandet eller Bergen, for å søkje rikdom og lykke på den norske landsbygda, l årboka møter vi byborgarfamiliar som innvandra til Lærdal på 1600-talet, for å driva med handel eller sagbruk, l første del av førre hundreåret var taterar, eller splintane som dei og vart kalla, årvisse

på Sognefjorden, vår og haust og i vinterhalvåret heldt dei seg bufaste i einskilde bygder. Det er enda mange som har minne og historier og fortelje om då taterane kom til gards. Dette kan vi og lese om i boka.

Elles har vi artiklar med eit vidt spekter av emne. Noregs Mållag vart stifta i 1906 og feirar hundreårsjubileum i år. l årboka markerer vi dette med ein artikkel om då nynorsken kom til Sogn, med døme frå Jostedalen og Lærdal.

Artikkelen om lagnad og leiermål, er lesnad om rettstilhøve og sjokkerande straffemetodar på 1600-talet. Det er tankevekkande å sjå korleis oppfatningar om synd, moral og rettvis straff har endra seg sidan den gongen.

Vi har ofte hatt med artiklar om siste verdskrigen i årboka, og vi har også i år ein artikkel som kan relaterast til dette emne. Den handlar om Kristian Ottesen, opphavleg frå Solund, som er kjent for aktivt motstandsarbeid under andre verdskrigen og som krigshistorikar. Han har skrive ei mengd bøker om sine og andre sine opplevingar frå krigsåra.

Frå Hyllestad har vi to artiklar. Den eine omhandlar den omfattande kvernsteinproduksjonen, som ny forsking har gitt ny kunnskap om. Den andre artikkelen er ei levande skildring av Havørn-ulukka i Lifjorden i Hyllestad i 1936, den første ulukka i norsk sivil luftfart som førte til tap av menneskeliv.

l mange år har Anders Ohnstad, forfattar og historikar frå Aurland, levert lokalhistoriske bidrag til Årbok for Sogn. Trass i høg alder er han framleis imponerande aktiv og vi gir ein omtale og oppsummering av hans store faglege produksjon gjennom eit langt liv som lokalhistorikar.

l den siste artikkelen fortel vi historia til ei av stovene på museet, Glaværstova frå Gulen, som vi meiner må vere den eldste baren i Sogn. Ho vart flytta frå gamlemuseet i Amla til Fjordmuseet førre sommaren og står no vel plassert med fin utsikt over Amlabukta.

Redaktør
Aud Ross Solberg

 Innhald

Tema: Kulturmøte

1. Fatima - frå Bosnia og Sogndal, av Anna Jorunn Avdem

2. Nøkkelen, av Fatima Hadzialic

3. Fin husmannsplass på Berge som tankestad, av Barbara og Jochen Kuhnen

4. Nytt land, nye mogelegheiter, av Tanja Strandheim Forfod

5. 17. mai i Norge og noen tanker om verden, av Justin Mulindabigwi

6. Møtet mellom to kulturer: Splintene i Sogn og Fjordane, av Marit Utheim Eide

7. Til Lærdal for «god fortienste», av Kåre Hovland

Diverse

8. Då nynorsken kom til Sogn: Glimt frå Jostedalen og Lærdal, av Jan Olav Fretland og Oddmund L. Hoel

9. Lagnad og leiermål i Sogn på 1600-talet, av Birger Kirkeby

10. Kvernsteinsbrota i Hyllestad, av Finn Førsund

11. Hitler i Norge, av Christopher John Harris

12. Havørn-ulukka som skaka fly-Noreg i 1936, av Ingemar Nordstrand

13. Anders Ohnstad og forfattarskapen hans, av Jarle Bondevik

14. Kristian Ottosen, av Johan Hagen

15. Glaværstova - den eldste baren i Sogn, av Aage Engesæter

16. Kort årsmelding frå De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum