1814 - DET UTRULEGE ÅRET, SETT FRÅ SOGN

1814 - DET UTRULEGE ÅRET, SETT FRÅ SOGN

Museet si utstilling til grunnlovsjubileet i 2014, følgjer dei dramatiske hendingane i året 1814, men set også søkelys på Sogn og Fjordane og våre eigne utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll våren 1814.

Kven var dei fem representantane frå Nordre Bergenhus amt? Korleis vart dei valde, og korleis var reisa til Eidsvoll? I utstillinga kan ein sjå mange gjenstandar frå tida rundt 1814, også ting som har tilhøyrt eidsvollsmennene våre.

Utstillinga er ikkje berre ei historisk reise, men også ein tankevekkjar om kva fridom, demokrati og Grunnlova betyr for oss nordmenn i dag.