Årbok for Sogn 2014

Årbok for Sogn 2014

Tema for årboka 2014 er naturleg nok grunnlovsjubileet.

Boka bognar av ny kunnskap om Sogn og sogningane i tida rundt 1814, om vala til riksforsamlinga i fylket vårt og om representantane våre som reiste til Eidsvoll.

Her er også spennande tankar om politikk og demokrati nedanfrå – og ymse anna. Sjå berre innhaldslista:

Jan Anders Timberlid: Sogn i åra fram mot 1814

Oddmund L. Hoel: Vala til riksforsamlinga 1814 i Sogn og haugianarane i Luster

Arne Inge Sæbø: Lyche-huset på Vange i Vik og hendingane i 1814

Hermund Kleppa: Ny kunnskap om Riksforsamlinga på Eidsvoll: Noregs fyrste varamann kom frå Sogn og Fjordane

Anna Jorunn Avdem: Eidsvollsmennene - og konene som stelte heime

Arlen Bidne: Frå embetshus og bondestover. Bustadane til eidsvollsmennene frå Sogn og Fjordane

Geir Sørebø: Ole Elias Holck som topograf

Jan Anders Timberlid: Niels Griis Alstrup Dahl

Kåre Hovland: Lærdalske kompani - militærnektarane som vart elitesoldatar i ei av dei mest berømte avdelingane i den norske hær si historie

Johs. B. Thue: På trappa inn til Helgheimsstova

Aage Engesæter og Bjørn Schanke Sande: Nybygget til Norsk Reiselivsmuseum – eit arkitektonisk og byggteknisk meisterverk

Grunnlovsjubileet på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Emneord: