Årbok for Sogn 2013

Årbok for Sogn 2013

Velkomne til årboka!

Årbok for Sogn 2013 er inspirert av jubilea vi har feira dette året: 100 år med allmenn stemmerett for kvinner, 250 år i eige fylke og 200 år sidan nynorskens far vart fødd – det er milesteinar som markerer viktige hendingar for oss og samfunnet vårt. Dei fleste artiklane i årboka er på ein eller annan måte knytte til desse emna.

Kvinnene pregar fyrste delen av boka. Her finn vi tolv kvinneportrett, av éi kvinne frå kvar kommune i Sogn - frå Solund i vest til Årdal i aust. Ideen kom under arbeidet med utstillinga Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane, som viser éi kvinne frå kvar kommune i heile fylket. Utvalet i utstillinga skulle vera så breitt som råd, både i tid, geografi og samfunnsrolle. Etter at vi hadde lagt den ”kabalen”, sat vi att med mange spennande kvinnenamn på blokka som alle fortente å få si soge skriven. Fleire av dei har fått plass i årboka.

Det er stor spennvidd mellom sogene til dei tolv kvinnene, og dei fleste av dei er vanskelege å karakterisera med berre eitt ord. Vi møter fiskarkona og gjestgivarvertinna, arbeidarhusmora og krigsofferet, ostegründeren og kunstnaren, kafévertinna og kransebindaren, bunadssyerska og målarinna, jordmora, vevaren og kulturarbeidaren, budeia og industriarbeidaren. Dei er gifte, skilde eller einslege, mødrer og husmødrer. Somme fekk eit langt liv og la ned ein ufatteleg innsats på sin plass. For andre vart livsvegen altfor kort, men dei rakk likevel å setja varige spor. Dei tolv kvinnene utgjer ein frodig bukett som trygt kan representera Sogn i kvinneåret 2013. Somme av artiklane er skrivne av kvinner, andre av menn. Fleire av forfattarane er pur unge, andre er vel vaksne. Felles for dei alle er at dei teiknar portretta sine med kjærleik og stor respekt.

Tre andre artiklar er knytte direkte til dei tre jubilea: Hege Roll-Hansen skriv om kampen for kvinnestemmeretten fram mot 1913 på nasjonalt plan, men har òg eit tydeleg blikk på Sogn. I høve fylkesjubileet fortel Jan Anders Timberlid om korleis Nordre Bergenhus Amt vart oppretta i 1763, og om den fyrste amtmannen, Joachim de Knagenhielm. Oddmund L. Hoel markerer Språkåret 2013 med ein artikkel om Sogn, og særleg Sogndal folkehøgskule si sentrale rolle i den tidlege målreisinga.

Siste delen av årboka er knytt til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Museet minnest Kari Bjørg Vold Halvorsen, som døydde i vår. Vi har også ein artikkel om Kvitevollsstova og gåva frå Leigh-legatet, som har fått plass der. Tradisjonen tru trykkjer vi også fjorårets årsmelding for De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum.

Årbok for Sogn, eller Tidsskrift utgit av Historielaget for Sogn, som årboka heitte frå starten i 1910, er ei skattekiste med eit svært rikt innhald. For å gjera det lettare å finna fram i tidlegare utgjevingar, har bibliotekaren på museet, Kari Johanna Yttri, ajourført registeret over alle årgangane. Denne godbiten avrundar årboka.

God lesnad!

Anna Jorunn Avdem - redaktør -

Innhald

Side 5 - Velkomne til årboka!

Side 6 - Presentasjon av forfattarane.

Side 8 - Solund: Astrid Hop
– kvar henta ho styrke og livsmod?
av Hans H. Steinsund

Side 24 - Gulen: Jørgine Kristine Nordanger
– ”Faster” på Glavær
av Aage Engesæter

Side 28 - Hyllestad: Kirsten Salbu
- sunnfjording, fjording, sogning og ytresogning
- mor, arbeidar og aktiv pensjonist
av Finn B. Førsund

Side 36 - Høyanger: ”Førd til Tyskland. Ukjend lagnad”
– Svanhild Håland
av Jan Anders Timberlid

Side 44 - Vik: Synnøve Finden 1882-1957
– kvinna bak osteeventyret
av Arne Inge Sæbø

Side 52 - Balestrand: Kunsten å vere Astrid
av Lina Breidablik og Ragnhild E. Høyvik

Side 58 - Leikanger: Kikka, den makelause
av Henning Rivedal

Side 64 - Sogndal: Olga Berge (1896-1994)
– mennesket og kunstnaren
av Anne Lise Uglum Skaar

Side 72 - Luster: Bertha Kvam Nes
– jordmor på Veitastrond i 50 år
av Jorunn Børtnes Husa

Side 78 - Aurland: Ingeborg Lunde
– eit liv med og i kulturen
av Tori Pedersen

Side 84 - Lærdal: Anna Skår (1913-1991)
– Norges best kjende budeie?
av Kåre Hovland

Side 94 - Årdal: Åse Udberg
- med hjarta i Årdal og kroppen på reis!
av Astrid Myran Aarvik og Sigfrid Hovland

Side 102 - Kampen for kvinnestemmeretten
– med eit blikk på Sogn
av Hege Roll-Hansen

Side 113 - Joachim de Knagenhjelm
– Sogn og Fjordane sin første fylkesmann
av Jan Anders Timberlid

Side 121 - Sogndal folkehøgskule som sentrum
for målreisinga 1870-1900
av Oddmund L. Hoel

Side 134 - Kvitevollsstova og gåva frå Leigh-legatet
av Anna Jorunn Avdem

Side 142 - Kari-Bjørg Vold Halvorsen til minne
av Anna Jorunn Avdem

Side 144 - Årsmelding 2012

Side 150 - Register 1910-2012
Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn /
Årbok for Sogn